Haarreisande ko ko veir i saksa der du bur
SELSKAPSNAMN: Brønnøysundregistra i Brønnøysund.
Analyser

Hårreisande ko & ko veir i saksa der du bur

Var dette ein underleg tittel? Ja, men så er det også mange fargerike namn på aksjeselskapa i nordvest.

06.08.2017

ANALYSE:

Resultatsesongen er over oss, og vi i NETT NO skriv artiklar i fleng om dei ulike selskapa. Korleis var fjoråret, korleis har det gått i år, og ikkje minst: korleis ser det ut framover?
Dei største selskapa får størst merksemd, men vi prøvar også så godt vi kan å vise mangfaldet i næringslivet i nordvest. Og det er rett og slett imponerande, og til å verte stolt over.
Visste du at berre i Ålesund var det i fjor 3.433 aksjeselskap som leverte årsmelding til Brønnøysundregistra? Ja, det stemmer, og endå fleire vert det i år, for talet på selskap veks.
Visste du at det i fjor var 20 selskap som omsette for meir enn ti milliardar kroner i nordvest?
Ja, det visste du sikkert. Og det er også slik at dei fleste kjenner godt til dei store selskapa.
Men faktisk var det meir enn 90 selskap som omsette for over ein kvart milliard kroner, noko som ikkje er mindre imponerande.
For kvar hundre innbyggjarar i Herøy var det 2,08 selskap. Og i ein liten kommune som Stordal kom det til 7,8 nye selskap for kvar 1.000 innbyggjar. Det fortel litt om aktiviteten, og ikkje minst om eit enormt mangfald.
Denne artikkelen handlar også om mangfald, men då mangfald i selskapsnamn (omsetningstal i parantes).
Kreativiteten er stor når det skal lagast namn på nye selskap, og av og til kan ein verte lurt om ein trur at selskapsnamnet fortel kva selskapet driv med. For eg trudde sjølvsagt at selskapet 3Kasser i Ålesund (3,8) laga trekasser, men ifølgje Brønnøysundregistra er det bølgjepapp og emballasje av papp og papir selskapet produserer.
Og selskapet Knarr'n (0,1) i Barstadvika rekna eg med hadde noko med gamle båtar å gjere, men dette selskapet driv med sauehald. Og du vert nok overraska kva du kan få bestilt om du kontaktar Pallefabrikken (1,9) på Åheim.
Derimot er det lettare å forstå kva selskapet Kiropraktikk og helse for alle Hornindal (0,8) og i Ulsteinvik (2,6) driv med. Du kan også trygt ta med fuglane dine til Veterinærklinikken nebb og klør (0,4) på Skodje, men her kan du også få hjelp med både kattar, hundar og endåtil fiskar. Og dersom du vil fiske fisk og treng fiskevegn er det heller ikkje vanskeleg å forstå at du kan få det hos Fiskevegn (95,8) på Flatraket.
Etter å ha tenkt meg litt om forstod eg også at Autodokter'n på Ikornnes (14,4) dreiv med reparasjon av bilar, og ikkje med reperasjon av folk, dyr, fuglar eller fiskar.
Det er heller ikkje vanskeleg å forstå kva Nynorsk Kultursentrum (22,8) i Hovdebygda driv med. Litt verre er det med Vigra-selskapet Vater og vel så det (0,4), men det er altså snakk om byggverksemd. Og Valderøy-selskapet Der du bur (0,6) driv sjølvsagt med design og interiør.
Ørsta-selskapet Bare fint (3,2) driv på sin side med butikksal, sikkert av mykje fint, medan det er vanskelegare å forstå at Eid-selskapet Veir (0,7) ikkje har noko med sauehald eller vêr å gjere, men driv med design.
Mange selskap knyter stadnamn til namnet. Det finst drøssevis av selskap som startar med Ålesund eller Aalesund. Det same finn ein med Ulstein og Remøy eller forkortinga Rem, medan ein i Stryn gjerne kan plusse på litt slik at ein av bensinstasjonane like godt heiter Fagre Stryn Bensinstasjon (4,9).
Enkelte hentar selskapsnamn frå fjelltoppar, slik som investeringsselskapet i Ålesund som har tatt namnet Karitind, det høgste fjellet i Møre og Romsdal. Og når Røkke-direktøren Frank Ove Reite skulle finne namn til sitt investeringsselskap, fall namnet på Fausken, som er ei flud ved ein god fiskeplass ved Skorpa.
Det er heller ikkje vanskeleg å vite kvar selskapsnamnet Hildrefjørå (0,3) stammar frå. Derimot visste i alle fall ikkje eg at bak dette selskapet står eit legat som deler ut midlar til samfunnsnyttige og veldedige formål.
Heller ikkje visste eg at det berre var tre eigarar i selskapet Vi fire (1,3) i Ålesund eller at bak våpenprodusenten med det spenstige namnet GRS Riflestocks (24,8) på Grodås står litt meir trauste Grodås Mønsterteknologi.
Derimot forstod eg med ein gong kva Sprek365 Giske (7,3) driv med, medan eg måtte innom Brønnøysundregistra for å finne ut at We Make (0), eit anna Giske-selskap, satsar på konsulentverksemd.
Det er elles mykje engelsk i selskapsnamna i nordvest, spesielt innanfor sjømatbransjen. Det er mellom anna massevis av selskap som heiter noko med Coast, Sea eller Seafood, truleg for å gjere det lettare for utlendingar å forstå kva ein driv med.
Men ikkje alle utlendingar kan ha like tungt for det, for Norsk Sjømat (882) på Stranda er uansett av dei mest lukrative sjømatbededriftene.
I Vågsøy er det særleg mange engelske selskapsnamn, kanskje ikkje så rart sidan kommunen er store på nettopp sjømat til eksport. Her finn ein mellom anna Carisma Fish (3,8), Domstein Fish (201) og Coast Seafood (4022), men også Easy Form (22,4), Fjord Shipping (37), Seacon (10,4) og Stadyard (115,9).
Endåtil bilreparatøren Bil Body (7,5) satsar engelsk, medan Kraftstasjonen (4,9) i Måløy satsar heilnorsk, men er slett ingen kraftstasjon lenger, derimot ein restaurant og liten kolonial.
Frisørane er av dei mest kreative når det gjeld å finne selskapsnamn, som dei omreisande frisørane bak Hårreisande (3,3) i Sande, Hårstrået Dame & Herrefrisør (2,7) i Ålesund eller I Saksa (2,5) i Volda.
Då Stine Goksøyr i Fosnavåg i 2011 satsa på design, produksjon og sal av sine eigne klesmerke, kalla ho selskapet like godt for Ko & Ko (8,9). Enkelte kan nok hevde at det også var litt ko ko av Torill Myren frå Remøya å hoppe av eit trygt journalistliv i Sunnmørsposten, og satse på eigen kjøl med selskapet Ekkoloddet (0,5).
Og endå fleire meinte nok at det var heilt bort i natta av oss aktørane bak NETT NO å starte Bakkar og Berg Media (1,9), og satse på ein reindyrka nyheitsportal om næringsliv på Nordvestlandet - og det endåtil med betalt innhald på nett!
Men her er vi, og har tenk å halde fram med å skrive om både store og små selskap, same kva dei heiter.
Takk for at du las - og god søndag!

Publisert: 06.08.2017 06:02

Sist oppdatert: 10.02.2021 21:59