ANALYSE
Torsdag kjem bransje- og arbeidsgivarorganisasjonen Norsk Industri med sin årlege konjunkturrapport. Det er ein rapport med meldingar som både blir lytta til og får brei omtale, trass i at svært mange aldri har sett sine bein i ein fabrikkhall og langt mindre arbeidd der.
Om du tar med dei som jobbar i bergverksdrift og med oljeutvinning utgjer sysselsette i industrien nesten 300.000 personer. Der er i overkant av 11 prosent av arbeidstokken. Det er færre enn dei som jobbar i varehandel. Innan helse og omsorg er det over 200.000 fleire sysselsette enn i industrien.
Søker du på "industri" i mediedatabasen Retriever får du 799 treff på industri hittil i år, men berre 36 på "varehandel". Tendensen er den same tilbake i tid også. Det fortel ikkje alt, men det fortel i alle fall ein god del om industrien si stilling.
Er det fortent? Er ikkje alle arbeidsplassar like gode? Kan ikkje vi ta oss av ingeniørarbeidet, sal og marknadsføring, og heller la folk i lavkostland stå for produksjonen?
Svaret på det siste spørsmålet var kanskje ja for nokre år sidan, men debatten har gradvis dreia mot eit nei. Oppfatninga om at industrien er ein avgjerande faktor for heile resten av næringslivet har vunne fram.
Ein by som London kan basere seg på ringverknadane av å vere eit internasjonalt finanssentrum, og små øystatar på å vere skatteparadis - enn så lenge. Men eit land som Noreg kan ikkje basere seg på ein slik taktikk. Kvittar vi oss med industrien, flyttar etter kvart tenesteproduksjonen rundt industrien etter. Då står vi der, og vi står ikkje godt.
Norsk Industri plar alltid å halde korta tett til brystet før konjunkturrapporten blir lagt fram, men vi veit i det minste at mykje plass blir sett av til å forklare korleis ein ny industrirevolusjon feiar over verda, og korleis vi må innrette oss for å dra nytte av den. Den nye industrirevolusjonen opnar mellom anna opp for småskalaproduksjon med stordriftsfordelar, og kombinasjonen av it-teknologi, internett og industrirobotar gjer at fordelen med å ha produksjonen langt unna blir mindre, eller forsvinn heilt.
- Bedriftene i Møre og Romsdal har lenge hatt ein tradisjon for å flagge ut produksjon til lavkostland for å spare pengar. I dag er denne trenden i ferd med å snu, og vi ser at det er viktigare enn nokon gong å ha hand om produksjonen og gjere jobben på smartast mogleg vis, sa Kjell Petter Dalen i Sparebanken Møre då banken i fjor haust gav ein million kroner i støtte til pilotprosjektet RobTek i Brattvåg.
RobTek i Brattvåg er ein del av satsinga på å bygge eit kompetansesenter for produksjonsteknologi og -metodar. RobTek blir ein felles maskineringverkstad, der mindre og mellomstore bedrifter kan dele på avansert og kostbar produksjonsteknologi, som robotar og 3D-printarar. Samstundes skal verkstaden ha rom for testing av produksjonsprosessar, produkttesting og demonstrasjon av ulike løysingar.
- Den gode nyheita er at det kan bli betre å vere ei lita bedrift på Nordvestlandet enn det har vore før, sa Tore Tennøe, direktør i Teknologirådet då han vitja industrikonferansen i Brattvåg i fjor haust.
No set Brattvåg-miljøet nok ein gong industrien si framtid på dagsorden. Det er nettopp til Haramskonferansen i starten av februar at direktør Knut Sunde kjem for å presentere konjunkturrapporten generelt for næringslivet på Nordvestlandet, og spesielt Norsk Industri sine vurderingar av den nye industrirevolusjonen.
I konjunkturrapporten som kom for eitt år sidan varsla Norsk Industri om ei ny todeling i norsk økonomi. Alt som hadde med olje å gjere var på veg ned, resten gjorde det bra. Økonomien var todelt, men med omvendt forteikn enn då oljeboomen var på sitt heitaste.
Todelinga blir heilt sikkert konklusjonen også i årets rapport. Norsk Industri-direktør Knut Sunde var allereie ute i media under NHO sin årskonferanse og varsla at vi langt frå hadde sett slutten på nedskjæringane i oljerelaterte næringar.
Det betyr at konjunkturapporten sannsynlegvis vil konkludere med at det samla sett blir fleire som mister jobben sin enn som får ny.
Desto større grunn til å satse på å ende på vinnarsida i den nye industrirevolusjonen.

Publisert: 24.01.2016 06:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 21:59