Kan A Age Remoey snart heise flagget paa nytt
FOSNAVÅG: Åge Remøy firer Rem-flagget 10. oktober 2016 etter å ha tapt kampen mot Lars Peder Solstad og Kjell Inge Røkke. 
Analyser

Kan Åge Remøy snart heise flagget på nytt?

10. oktober 2016 firte Åge Remøy Rem-flagget etter å ha tapt kampen mot Solstad og Røkke. Kan flagget snart heisast på nytt i Fosnavåg?

16.12.2018

KOMMENTAR:


På altanen ved hovedkontoret i Fosnavåg stod dei tilsette og song medan ein rørt Åge Remøy firte flagget.
Dette skjedde etter det Remøy sjølv oppfatta som eit bakhaldsangrep frå Kjell Inge Røkke som torpederte Rem sin refinansieringsplan ved å ta kontroll i eit obligasjonslån og stemme ned redningsplanen.
Dei Rem-tilsette var tydeleg prega, men hylla Åge Remøy og det som hadde vore:
Når flagget no blir senka ned, går vi stilt inn på kontoret.Og følelsane slit i oss, ka vil framtida gi?Og den arven Rem har gitt oss, kan ver god å ta med sej.Mykje latter, gode stunder, det var godt å ha det slik,
song dei tilsette til melodien ‘Mykje lys og varme’.
Mange trudde at dette var slutten for Åge Remøy sitt offshoreeventyr. Men Åge Remøy hadde andre planar. Han var fast bestemt for å slå tilbake. Det var ikkje slik han ville det skulle ende.
No kan den store revansjen vere nærare enn nokon gong.
Bakgrunnen er at Solstad Offshore slit kraftig. Selskapet som er eit resultat av samanslåinga av Solstad Shipping, Farstad Shipping, Deep Sea Supply og Rem Offshore, ber no kreditorane om hjelp.
Offshoregiganten med hovudbase på Skudenes klarer ikkje å handtere gjelda. Konsernet har rundt 30 milliardar kroner i renteberande gjeld, og ber no kreditorane vere med på eit opplegg der ein slepp å betale renter og avdrag fram til 20. desember neste år.
Dette skjer fordi ein ser at ein ikkje klarer seg over ein tøff vinter utan hjelp.
Men bergingsplanen gjeld ikkje for den delen av Solstad som omfattar gamle Rem. Det viser seg at det er kun denne delen av konsernet som klarer å handtere gjelda som avtalt, medan dei andre delene av offshoregiganten med totalt rundt 140 skip slit tungt.
Dette er ei mager trøyst for Åge Remøy. I ettertid har det vist seg at hans selskap kanskje var av dei sunnaste av alle offshoreselskapa, men det var likevel dette selskapet som vart slukt først under restruktureringsbølgja.
16 Rem-skip vart overtatt av Solstad Offshore. I mellomtida har Åge Remøy sakte, men planmessig, bygt opp eit nytt offshoreselskap som no tel ni skip, fordelt på seks forsyningsskip, to konstruksjonsskip og eitt seismikkskip.
Tanken er å byggje opp eit nytt stort offshoreselskap, der ein byggjer seg opp ved å kjøpe rimelege skip frå frustrerte supplyaktørar.
Sonen Fredrik styrer no skuta, men Åge er aktiv styreleiar, og har alliert seg med dei handlekraftige og pengesterke aktørane Thorsteinn Mar Baldvinsson og Magnus Roth.
Trioen starta oppkjøpa etter at dei saman la på bordet 500 millionar friske kroner til det nye selskapet.
Både Thorsteinn Mar Baldvinsson og Thomas Roth har tent seg rike på fiskeri, medan Åge Remøy sjølv starta med fiskeri, men der han i eit forsøk for å berge gamle Rem såg seg nøydd til å selje reke- og kvitfisktrålaren Hopen, noko som var tungt å svelgje.
Islandske Mar Balvinsson er direktør for fiskerigiganten Samherji, og har blant anna tent gode pengar på sal av fiskerettar i Afrika.
Svensk-sveitsiske Roth var blant anna tidlegare direktør og medeigar i det Hong Kong-baserte fiskeriselskapet Ocean Trawler, men der den russiske multimilliardæren Vitaly Orlov kjøpte ut Roth for ein solid pengesekk.
Mar Baldvinsson har vore trufast støttespelar til Åge Remøy heilt sidan den første konflikten med Solstad for ti år sidan, då Solstad første gongen prøvde å ta kontrollen med Herøy-selskapet.
Då Lars Peder Solstad til slutt lukkast, hadde han alliert seg med Aker-systemet og Kjell Inge Røkke, og fekk deretter også John Fredriksen tungt inn på eigarsida.
Fredriksen har nyleg skote inn 700 mllionar kroner i selskapet Dess Aquaculture, som var eit joint venture mellom Solstad og Marine Harvest. Men etter ein retta emisjon sit John Fredriksens Hemen Holding og Marine Harvest att med 80 prosent eigarskap, medan Solstad berre har 20 prosent.
Fredriksen har store planar for Dess Aquaculture, noko som kan vere godt nytt for sunnmørsk verftsindustri, men han seier også at han er open for å investere meir i offshore, utan å røpe om det er Solstad han har tenkt å leggje endå meir pengar i.
Å investere meir kan nok også Kjell Inge Røkke tenke seg, om han framleis ser ei oppside fram i tid. Han likar i alle fall ikkje å ta feil med sin satsing på Solstad.
Uansett er det svært så tunge aktørar Åge Remøy står opp mot om han skal få oppleve å få tilbake fleire av Rem-båtane. Derimot er det truleg svært lite av eigarskapen som vil liggje att hos Solstad på Skudenes når alle restruktureringane er omme.
Samstundes er det heilt klart at det i stor grad er bankane som bestemmer kva som skal skje med Solstad Offshore og andre gjeldstyngde offshoreselskap. Når det gjeld Rem-skipa er det i hovudsak snakk om DnB og Nordea, i tillegg til Sparebank 1 SMN og Sparebanken Møre, som styrer gjelda.
Det er slett ikkje alle bankane som er fornøgde med situasjonen. Det var likevel ikkje slik at til større, til betre, innan supplynæringa, i alle fall ikkje hittil. Det er også klart at fleire av dei mindre bankaktørane føler seg skvisa av dei store, og prøvar å finne alternative løysingar.
NETT NO kjenner til at nye Rem har sett på i alle fall eitt av dei tidlegare Rem-skipa som no ligg under Solstad, og fleire kan det verte ettersom det er fleire av skipa som er organiserte som eigne skipseigande selskap. I tillegg er Solstad-systemet bygt opp av fire ‘siloar’ der dei samanslåtte selskapa ligg i kvar sin strukturell ‘silo’, slik at det er lettare å gjere endringar i dei ulike delene av Solstad. Men denne organiseringa gjer at det også framleis ligg 184 millionar kroner att i obligasjonsgjeld i gamle Rem.
Inntil vidare har Åge Remøy sitt nye offshoreselskap hatt base i Havila-bygget Diamanten på Mjølstadneset i Herøy, men dette er berre i påvente av at leigeavtalen til Solstad Offshore går ut ved utgangen av 2019 ved den tidlegare hovudbasen til Rem i Fosnavåg sentrum.
Planen er å flytte tilbake hit så fort leigeavtalen går ut, men dei er også klare til å flytte tidlegare om det opnar seg ei mulegheit.
Og flagget som går ned i kveld, e vi stolte av, du kjære.Takknemlige e vi, for ei fin tid i Rem-regi.Mykje lys og varme, tru og håp det te vi med ossinn i tida som vil kome. Takk for minneverdig tid.
Slik avslutta dei Rem-tilsette songen til Åge Remøy for vel to år sidan.
Men siste kapittel var likevel ikkje skrive. Det kan snart vere duka for ny flaggheising i Fosnavåg.

Publisert: 16.12.2018 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 21:59