Kleven maa starte paa null
SMIL SOM STIVNA: Fredag 6. mars kunne Kleven invitere sin nye eigar til verftet. Frå venstre: Dåverande Kleven-direktør Kjetil Bollestad, rådgjevar og «chief business officer» Zoran Kunkera, DIV Group-eigar Tomislav Debeljak og dåverande finansdirektør Ola Beinnes Fosse i Kleven. Før konkursen hadde både Bollestad og Beinnes Fosse slutta.
Analyser

Kleven må starte på null

Både Fiskerstrand og Myklebust satsa på vedlikehald og reparasjonar etter kriser. Den oppskrifta vil truleg også nye drivarar i Kleven Verft bruke. 

04.07.2020
ANALYSEEtter å ha gått med over 60 millionar kroner i minus i 2016 la Fiskerstrand Verft om frå nybygging til vedlikehald og reparasjonar. Bemanninga blei kutta med 35 personar.Året etter var verftet tilbake i pluss og har gått med overskot sidan. I 2017 gjekk Myklebust Verft med 77 millionar kroner i underskot, i 2018 dreiv verftet nesten i balanse og i fjor blei det pluss.Også der var løysinga å la vedlikehald- og reparasjonsmarknaden vere grunnsteinen i oppbygginga etter at verftet blei skilt ut frå eit kriseråka Kleven-konsern og skulle stå på eigne bein.Førebels er det for få 2019-tal klare, til å oppsummere korleis skipsverfta klarte seg i fjor. Men sannsynlegvis blir trenden den same som i 2018.Dei store slit og det er hos dei mindre og mellomstore verfta - som også er store på vedlikehald, reparasjonar og ombyggingar - eller brønnbåtar - at lønsemda er best.Samstundes er skipsbyggingsaktiviteten på verdsbasis på eit historisk botnnivå, og koronaepidemien gjer vondt verre.Dei som tek over Kleven får ikkje drahjelp av nokon byggeboom. Det er nok eit argument for at det blir eit nedskalert Kleven som vil gjenoppstå etter konkursen.Eit nedskalert Kleven betyr færre arbeidsplassar.Omlag 430 personar er direkte berørt av konkursen, omlag 225 av dei utanlandske arbeidarar tilsett gjennom Kleven Martine Contracting. Blir det vedlikehald-, reparasjon- og ombyggingsmarknaden nye Kleven-eigarar satsar på kan det fort bli 300 færre. For Ulstein-samfunnet er over 400 tapte arbeidsplassar dramatisk, men ikkje så dramatisk som talet på tilsette tyder på. For det første har dei utanlandske tilsette ei laus tilknytning til Ulstein. Dei er der for å arbeide, og reiser no truleg heim. Det går mellom anna ut over butikkane dei har handla i, men vil ikkje vises i arbeidsløysestatistikken eller i flyttestatistikken.At fastbuande Kleven-tilsette misser jobben har større direkte konsekvensar lokalt, men kjem det i gang ny drift kan kanskje over halvparten av dei kome attende til verftet nokså raskt. På lengre sikt er det som har skjedd med Kleven meir negativt enn skadeverknadane på kort sikt. Eit stort Kleven som produserer for full kapasitet og med tjukk ordrebok er ein motor for næringslivet, med store og viktige oppdrag til teneste- og utstyrsbedrifter i den maritime klynga på Nordvestlandet. Eit kraftig nedskalert Kleven er ikkje den motoren, men nett no er det kanskje det beste som kan håpast på. Ut frå reaksjonen hos dei tillitsvalde på Kleven etter allmøtet i går, fredag 3. juli, var det tydeleg at Div Group-eigar Tomasin Debeljak ikkje hadde så mykje att på tillitskontoen. Torsdag 2. juli var Ulstein-ordførar Knut Erik Engh på besøk på verftet og ba i praksis om at Debeljak ga seg.

Les også:

Den manglande tilliten må Debeljak ta ein god del av ansvaret for sjølv. Samstundes er det fornuftig å ta ein diskusjon om korleis Kleven kunne hamne i ein situasjon som opna for at Debeljak vart vurdert som den beste kjøparen.

Publisert: 04.07.2020 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 21:59