Analyser
Knallstart for nyopprykka klynge
Klyngeorganisasjonen NCE Blue Legasea kunne neppe fått ein betre start på sin nye status som Norwegian Centre of Expertice (NCE).
18.11.2018
ANALYSEFredag ettermiddag 16. november presenterte Kåre Steinar Tveit, seksjonsoverlege ved hudavdelingen på Haukeland Universitetssykehus i Bergen, dei første resultata frå ein test av Arctic Nutrition sitt silderognprodukt på psoriasispasienter.Arctic Nutrition er mangeårig medlem i den biomarine klynga, som har sitt tyngdepunkt på Nordvestlandet, og er det første selskapet i klynga med klare ambisjonar om å rykke opp i legemiddelindustrien.Tveit hadde god nytt til Arctic Nutrition. Silderognprodukt har ein effekt, og reduserer og lindrar plagene frå hudsjukdomen.- Dei har kome så langt at nå torer dei å gå i dialog med investorar for å sjå om dei kan få funding for det som blir kalla fase tre-studiar, seier Tveit om konsekvensen av funna har Arctic Nutrition.Fase tre-studiar betyr å gjere den studien Tveit er i gang med, men i mykje større skala. Det er det siste og avgjerande steget på vegen mot godkjenning som legemiddel.Æra for at Arctic Nutrition er kome dit selskapet er i dag, med ein fot på veg inn i legemiddelindustrien, tilhøyrer sjølvsagt eigarane, tilsette, styre og leiinga.Men resultatet er også ei vitamininnsprøyting til klynga og heile det biomarine miljøet selskapet er ein del av, og resultata kom i veka etter at det blei klart at Blue Legasea rykka opp frå Arena-status til NCE-status og dermed får meir midlar å rutte med.Nordvestlandet er fullt av døme på at når nokon lukkast med ein ide hoppar andre etter, og nye bedrifter veks fram. Arctic Nutrition sine resultat gjer heilt sikkert av andre selskap vil sjå på om ikkje også dei kan løfte produkta sine - som i dag er i helsekost- eller fôr-marknaden - heilt opp til legemiddelstatus.NCE Blue Legasea er i gang med ei kartlegging av kva som finnes av dokumentasjon av helseeffektar av produkt basert på marine råstoff.Å dokumentere helseeffektar er viktig, mellom anna for å kunne bruke helseeffektar som eit argument i marknadsføringa.Poenget med dokumentasjonsarbeidet også å gi svar på kva som må til av ny forsking. Allereie komande tysdag er det er samling i NCE Blue Legasea-regi der behovet for analysekapasitet for den biomarine industrien er tema. Til saman er industrien i Møre og Romsdal som vidareforedlar avskjær og restråstoff frå fiskeri- og oppdrett blitt ei stor klynge, som også utgjer tyngdepunktet i NCE Blue Legasea. Til saman er det snakk om 19 bedrifter med over 400 tilsette og 1,8 milliardar i kroner i driftsinntekter viser ein analyse som Runar Debess i Sparebanken Møre la fram på ein konferanse om marine ingrediensar i regi av NCE Blue Legasea i vår. Administrerande direktør Ole Arne Eiksund i Arctic Nutrition seier at ei fase tre-studie har ein prislapp på 50 millionar kroner, minst. Studien kan gjerast større, både av vitskaplege og kommersielle omsyn, men minst rundt 50 millionar kroner må til. Kommersielle grunnar for å utvide studien kan vere å ha testpanel i potensielt store marknadar, som til dømes USA. Om det ikkje er vitskapleg naudsynt kan eit større studie vere ein fordel når silderognproduktet skal ut i marknaden. Kva som er rett dosering av ei kapitalutviding og ein fase tre-studie er spørsmål Eiksund skal arbeide med dei komande vekene.Eigarskapet i Arctic Nutrition er i dag godt forankra på Nordvestlandet, og direkte og indirekte er det mange som er med.Største einskildaksjonær er Jan Brevig Remmereit gjennom selskapet Life Capitol, med 25,2 prosent. Blant eigarane er og søskena og Vartdal Plast-aksjonærane Ingvild, Jan Endre og Sindre Vartdal, fiskebåtreiar Per Magne Eggesbø og hans søsken og Harald Nordal - Remmereits mangårige samarbeidspartnar. Gjennom selskapet Mavi Xv as (17,79 prosent) er Sparebank 1 SMN medeigar og gjennom Møre og Romsdal Såkornfond (12,49 prosent) har over 30 investorer eit eigarskap i Arctic Nutrition. Kva modell for ein kapitalutviding Arctic Nutrition vel gjenstår å sjå, men det som uansett er heilt sikkert er at Arctic Nutrition-aksjonærane blei rikare i løpet av fredagen.Det som er sannsynleg er at deira historie vil inspirere andre.
Publisert: 18.11.2018 06:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 21:59