Analyser
Nest beste alternativ er betre enn ingenting
I jakta på å få bygd bru mellom Hareid og Sula er det uklokt å sjå bort frå andre tiltak for å betre samferdelstilbodet.
23.08.2020
ANALYSESamferdselsminister Knut Arild Hareide gav tilhengarar av Hafast-sambandet lite håp om ein snarleg byggestart for bru mellom Hareid og Sula, då han vitja Sunnmøre denne veka.Han viste til næringslivet og fylket sine eigne prioriteringar, med kryssinga av Romsdalsfjorden og betre fylkesvegar høgare oppe på lista.Hareide var heller ikkje klokkeklar om ferjefri E39, og omtalte det som "en visjon som ble lansert av rødgrønn regjering, og som vi deler".Samstundes har det store fylket Viken rasla med sablane og , mellom anna ferjefri E39.Det er med andre ord ingen grunn til å ta viljen til å bygge Hafast-sambandet for gitt.Dessverre kan det og vere fare for at krisa i deler av verftsindustrien ikkje talar til Hafast-sambandet sin fordel. Politikarar er truleg som investorar. Det er lettare å investere i eit område som går så det susar, enn der viktige deler av næringslivet ligg nede for telling.Med oljeprisfallet og rekninga for koronatiltaka i tillegg, så er det ikkje sikkert at den norske staten får meir å rutte med framover, kanskje heller mindre. Prioriteringa blir altså tøffare.Det kan hende at den sikraste måten å få gjennomslag for Hafast på, er å krisemaksimere og satse på alt eller ingenting. Men det er ein risikabel strategi. I verste fall kan det ende med nettopp ingenting - og eit unødvendig dårleg tilbod i mellomtida.Hafast-sambandet er eit stort sprang. Det kan vere enklare å få gjennomslag for å ta mange små steg.Kva er alternativa for å betre sambandet frå ytre søre Sunnmøre til Ålesundregionen, og aller helst tiltak som gir ein rask effekt?Det mest openberre er sjå på ferjene. Det handlar om tiltak for å spreie trafikken til større deler av døgnet og nok avgangar til å unngå at bilar må stå att, og ikkje minst å få gjennomslag for at det må bli billegare å bruke ferja. Det er eit politisk spørsmål kva det skal koste å reise med ferje - ikkje ei naturlov.Det litt meir langsiktige er å sjå på alternativ transport, først og fremst elektrisk eller hydrogendriven hurtigbåt mellom Ålesund og Hareid, med hyppigare avgang enn no, og vidare båttransport/busstransport til NMK og Åse/Breivika. Fylkeskommunen er alt i gang med å vurdere utvida bruk av båttransport i Ålesundsområdet. Dei har også fått støtte til å utgreie om det er råd å trafikkere ruta Ålesund-Hareid med ein utsleppsfri båt. I utgangspunktet var prosjektet avgrensa til å vurdere eit tilbod om ei båtrute mellom sentrum, Langevåg og NMK/Åse. Undervegs er prosjektet endra, til å også sjå på å knyte Valderøya/Vigra og Søvika til bysentrum med hurtigbåt.Fordelen med å ta båten til jobb over fjorden i staden for bilen, er mellom anna at det sparer vegane for trafikk. Færre bilar over fjorden betyr betre plass på vegen og dermed mindre behov for å vegbygging. Fylkeskommunen har nyleg og starta med utgreiing av om det er råd å få til utsleppsfrie lengre hurtigbåtsamband i fylket. Dagens hurtigbåtkontraktar går ut i 2025.I april 2014 var det god stemning då dåverande parlamentarisk leiar Harald Tom Nesvik (Frp) og stortingsrepresentant og medlem i samferdselskomiteen, Helge Orten (H), hadde pressekonferanse i Ålesund for å legge fram trasévalet for E39. Dåverande Klevensjef Ståle Rasmussen meinte bruene burde vere på plass seinast innan åtte år.- Ambisjonene er at vi kan klare det på seks til åtte år, sa Rasmussen.No er seks år gått, og ingenting er bygd.Det er ikkje hjelp i eit traséval, det må byggast der også - og det kan bli lenge til.
Publisert: 23.08.2020 06:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 21:59