Stad skipstunnel innside med folk illustrasjon Kystverket Snohetta Plomp
NY RUNDE: Kystverket skal forhandle med entreprenørane for å få ned prisen på Stad skipstunnel. Deretter kjem saka truleg tilbake til Stortinget for ny behandling. Illustrasjon: Kystverket/Snøhetta/Plomp
Nytt

Nederlag for Støre om skipstunnelen

Kystverket skal forhandle om pris. Svaret kjem truleg ikkje før til våren.

14.10.2025

Tilhengarane av å bygge Stad skipstunnel vant eit lite slag i kampen for samferdsleprosjektet tysdag. 

Det er klart etter at eit fleirtal i Stortinget stilte seg bak forslaget frå Venstre, KrF og Senterpartiet om at Kystverket skal forhandle om prisen på tunnelen. 

Også Frp og Høgre sine representantar støtte forslaget i trontaledebatten, og sørga dermed for fleirtal. 

Les forslaget

«Stortinget ber regjeringa sørgja for at Kystverket held fram og fullfører forhandlingane med dei utvalde entreprenørane i arbeidet med Stad skipstunnel for å få ein endeleg pris, og dessutan jobba fram kostnadsreduserande tiltak.»

Truleg må tilhengarane smøre seg med tolmod til våren før det kjem eit svar på forhandlingane. 

– Det er vanskeleg å seie, men vi bør vere ferdige til påske, anslår Sveinung Nedregotten i Kystverket til Nett No. 

Anders Riise Hakon Lykkebo Strand foto Marius
HÅPAR PÅ STØTTE: Anders Riise (H) og Håkon Lykkebø Strand (Frp) håpar begge at partia deira sentralt vil halde fram med støtta til Stad skipstunnel. Foto: Marius Rosbach

Fylkestinget bak om forhandlingar
Allereie då fylkestinget i Møre og Romsdal var samla tidlegare på dagen, vart det klart at det ville bli eit fleirtal for forslaget i Stortinget.

I fylkestinget fekk fylkesordførar Anders Riise (H) støtte til å sende ei uttale om saka, der dei ber regjeringa revurdere avgjerda om å skrinlegge prosjektet. 

Både Riise og Håkon Lykkebø Strand (Frp) var klare på at dei ønska at deira parti sentralt ville halde fram si støtte til å bygge skipstunnelen. 

Førstnemnte påpeika at det har vore lite framme i debatten at skipstunnelen har moms på 20 prosent, i motsetning til jernbaneprosjekt. 

Støre meiner tunnelen er for dyr
Det er eit poeng miljøorganisasjonen Bellona – som er letta over vedtaket – har merka seg.

– Eg tenkjer dei kan byrja med å ta ut momsen frå estimatet – så er dei nede med 2 milliardar berre der, sidan det er den reelle kostnaden for staten som blir diskutert her, seier seniorrådgivar for shipping i Bellona, Sigurd Enge, til NTB.

Statsminister Jonas Gahr Støre fortalde før helga at regjeringa hadde bestemt seg for å ta ut skipstunnelen frå statsbudsjettet for neste år, fordi den var blitt for dyr. 

Ifølgje Støre var prislappen som følgje av anboda som er kome inn, oppe i ein prislapp på 9,4 milliardar kroner. 

Publisert: 14.10.2025 18:27

Sist oppdatert: 14.10.2025 19:11

Mer om