Ny maritim klynge
NYTT: Den maritime klynga på Nordvestlandet har gjenoppfunne seg sjølv på nytt, etter at offshorereiarlaga slutta å bestille skip. 
Analyser

Ny maritim klynge

Oljenedturen har gitt nytt innhald i den maritime klynga på Nordvestlandet.

30.09.2018
ANALYSEDen årlege analysen av den maritime klynga på Nordvestlandet som Menon Economics la fram denne veka, viser ei klynge som er blitt mindre avhengig av oljebransjen.Frå å bygge nesten utelukkande offshoreskip, utgjer verfta sine inntekter frå bygging av offshoreskip berre 27 prosent i 2018 (og er ytterlegare på veg nedover). For utstyrsleverandørane og skipsdesignselskap er leveransar knytt til olje- og gassutvinningsbransjen enda lågare, høvesvis 18 og 14 prosent.For klynga samla sett, er det slik at leveransar til olje- og gassutvinningsbransjen vil utgjere berre 35 prosent av driftsinntektene i år, anslår Menon Economics i sin analyse.Endringane er raske og store. Så seint som i 2017 utgjorde inntektene knytt til olje- og gassbransjen 50 prosent av dei samla driftsinntektene for klynga.Endringane er så store at Erik Jakobsen frå Menon Economics snakka om ei klynge som må gjenoppfinne seg sjølv, då han presentere analysen på Klyngekonferansen torsdag 27. september.I år det berre reiarlaga som hentar storparten av inntektene sine frå oljebransjen. Der står olje- og gassbransjen for over 80 prosent av inntektene. Slik vil det truleg halde fram, for sjølv om Farstad Shipping og Rem er slukt inn i Solstad, er offshorereiarlaga framleis eit tyngdepunkt blant reiarlaga på Nordvestlandet.Oljeprisfallet i 2014 gjorde at offshorereiarlaga slutta å bestille nye båtar og i staden gjekk over til å legge skip i opplag. Trass i ein oljepris som no er oppe i over 80 dollar fatet, er overkapasiteten så stor at det ikkje er venta bestillingar som monnar av nye skip frå den kanten, på fleire år. I tillegg kjem verknaden av at offshoreoperasjonar som før krevde fleire skip, no krev færre. Oljeselskapa har pressa ned kostnadane for å utvinne olje, mellom anna ved å utvikle driftsmetodar som reduserer behovet for å leige inn offshorefarty.Difor vil det ta tid før offshorereiarlaga kjem attende så det monnar for verft og utstyrsleverandørar. Etter oljenedturen har resten av klynga funne nye bein å stå på. For skipsverfta, i alle falle dei største, betyr dette små cruisefarty og store yachtar. Cruiseskip utgjer nesten halvparten av verdien av alle skip som er bestilt og under bygging i Noreg i dag.Det viser at verfta har greidd å omstille seg til nye marknadar, men det viser ikkje om dei greier å tene pengar på omstillinga. Å bygge skip du ikkje har bygd før aukar risikoen for at du går på ein smell. Kleven har allereie fått den med dei nye hurtigrutene.Svaret på korleis det går for verfta no, kjem for alvor når 2019-resultata blir lagt på bordet.2017 blei det tredje året på rad der dei rundt 20 største verfta gjekk med underskot. Grunnen er først og fremst underskota hos dei aller største.Sjølv om skipsdesignarar og utstyrsleverandørar greier å vinne kundar utanfor Nordvestlandet og i utlandet, er det framleis viktig for dei at verfta på Nordvestlandet klarer seg.Difor er resultatet av cruiseskipsbygginga viktig for heile klynga. Og om verfta taper på første runde med cruiseskip er det viktig at tapet er så lite at dei ikkje blir slått ut, men kan profitere på erfaringane frå første runde i neste omgang med cruiseskipskontraktar.Klarer dei ikkje det, må den maritime klynga finne opp seg sjølv nok ein gong.

Publisert: 30.09.2018 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 21:59