Ved Myklebust Verft i Gursken er det hektisk aktivitet om dagen – både innafor og utanfor verftsportane. Denne veka starta anleggsverksemda for ei utviding på til samen kring seks mål på to sider av verftet.
– Det vil utgjere ei betydeleg auke i kapasiteten for oss, kanskje om lag 20 prosent. Det kjennest rett å gjere det no, same året som vi kan feire 110 år i bransjen og har ei god ordrebok, fortel verftsdirektør Leiv Sindre Muren til Nett No.
Apropos 110-årsfeiring: I august har verftet planar om å invitere til ope dag for alle med aktivitetar for heile familien.

– Har tenkt til å vere her i 110 år til
I terrenget søraust for verftet er den lokale entreprenøren Aurevoll og Furesund i gong med å reinske for vegetasjon og sprenge fjell. Det vil mellom anna gi rom for å utvide stållageret her.
Massane skal nyttast til å fylle ut i sjøen på nordsida av anlegget for å skaffe meir «boltreplass» for utrustingsverksemda og meir areal for parkering.
– Dette er eit viktig signal til våre tilsette om at vi har tenkt til å vere her i 110 år til, seier Muren.
Verftsdirektøren legg ikkje skjul på at dei gjerne vil utvide meir i framtida – og ein ny hall er mellom det som står på ønskelista.
Dette er eit viktig signal til våre tilsette om at vi har tenkt til å vere her i 110 år til
Skal utruste trålar, ferjer og offshoreskip
Myklebust Verft har vore mellom vinnarane i kontraktsboomen som har treft den maritime industrien dei siste par åra.
Etter å ha inngått ei rekke nybyggingskontraktar, nærmar det seg no at dei første skroga kjem til verftet i Sande for utrusting.
– Det første er ein pelagisk trålar som kjem i oktober-november, og så kjem det første av to offshoreskip til Rem Offshore, fortel Muren.
I løpet av første kvartal neste år kjem etter planen skroga til dei to største hydrogenferjene i verda som verftet skal bygge for Torghatten.
På seinsommaren eller tidleg haust kjem eit nytt offshoreskip for utrusting til Rem Offshore.
Ventar å ha 700-800 personar i arbeid neste år
Boomen i aktiviteten gjer at talet på arbeidarar innfor portane vil auke kraftig.
Det siste halvåret har verftet hatt kring 150 eigne tilsette, mellom 100 og 150 på innleige og fleire tilsette i sving frå andre leverandørar.
– I løpet av neste år vil vi vere oppe i 700 til 800 personar som er i arbeid over ei lengre periode, fortel Muren.
– Utvidinga på anlegget høyrer saman med auken i aktiviteten. Vi aukar kapasiteten på alle område og får meir plass til både kontor, kantine og parkering, legg han til.

Tøffare å sikre gode fagfolk
Å sikre seg alle fagfolka verftet treng for å ta unna arbeidet framover, har høg prioritet. Muren fortel at det heilt klart er tøffare no, enn for fem-ti år sidan.
Medan kronekursen gjer det meir rimeleg for reiarane å bygge i Norge, gjer den at det er mindre attraktivt for verftsarbeidarar frå andre land å kome hit for å jobbe.
Rekrutteringa er likevel ikkje meir vanskeleg enn at verftsdirektøren er trygg på at dei får tak på folka dei treng.
Lærlingar er eit satsingsområde
Satsing på lærlingar er eit ledd i arbeidet med å sikre rekruttering på lang sikt – som verftet legg stor vekt på.
I år har dei teke inn tre nye lærlingar, dei fleste frå lokalmiljøet.
– Det er eit satsingsområde og det er veldig kjekt å kunne ta inn dei som skal vere framtidas industriarbeidarar, seier Muren.
– Vi har samtidig bra søkartal på stillingane vi lyser ut, til trass for låg arbeidsløyse. Eg håpar og trur det har å gjere med at vi blir oppfatta som innovative ved at vi til eksempel bygger hydrogenferjer og skip til Rem Offshore med metanolframdrift, seier Muren.

Har hatt 20 prosjekt første halvår
Til no i år har verftsarbeidarane på Myklebust hatt mest å gjere med oppdrag på eksisterande fartøy som treng ulike formar for oppgradering.
– Vi har hatt 20 prosjekt første halvår, så det har vore bra og kontinuerleg arbeid i løpet av våren, fortel Muren.
Då Nett No er på besøk ligg Sanco Shipping sitt eldste fartøy, Sanco Atlantic til kai. Ved sidan av ligg fiskebåten Christina E som tilhøyrar Ervik & Sævik i Herøy.
Ein eldre brønnbåt frå Intership/Trident er også til kai, meda ein anna brønnbåt gjekk frå verftet dagen i forvegen.
Publisert: 09.07.2025 05:00
Sist oppdatert: 09.07.2025 02:05






