Offshore krise i fleire aar til
SISTE REIS: Offshorebåtar frå Tidewater på veg til opphogging. Gjennomsnittsalderen på båtane Tidewater sende til opphogging var litt over 16 år.
Analyser

Offshore-krise i fleire år til

Krisa for offshorereiarlaga har nesten blitt ein vane, men den er langt frå over.

04.10.2020

ANALYSE


-r sa Solstad-sjef Lars Peder Solstad i januar 2018.
Men det gjekk ikkje som han trudde, ein ny runde måtte til. Alt i april 2018 melde eitt av datterselskapa i Solstad Offshore at det var i forhandlingar med kreditorane og etterpå har det eigentleg vore ein lang og samanhengande forhandlingsprosess.
Og sjølv om det blir ja til løysinga som er forhandlar fram så vil Solstad Offshore framleis ha omlag 20 millliardar kroner i gjeld. Det er nesten 10 milliardar mindre enn i dag, men kan vere tyngande nok.
Det aller største reiarlaget, Solstad Offshore med 127 skip, skal ha ekstraordinær generalforsamling om to veker. Der skal aksjonærane godkjenne at eksisterande eigarar praktisk talt blir utradert og at långivarane tek over, i bytte mot å gjere nesten 10 milliardar kroner i gjeld om til eigenkapital. Ikkje berre blir dei utradert, dei skal og stemme for at Solstad-familien, Kjell Inge Røkke-dominerte Aker Capital, John Fredriksens Hemen Holding og styreleiar Harald Espeland får bli med vidare og eige inntil 34,34 i selskapet i bytte mot å skyte inn 72,5 millionar kroner i ny eigenkapital.

Men kva anna enn å stemme ja kan dei gjere, når konkurs er alternativet.
Det er ikkje sikkert det blir så lukrativt å vere med heller. Solstad-leiinga var optimisk etter at Farstad Shipping, Rem Offshore og Deep Sea Supply vart samla under Solstad-paraplyen i 2017.
Den optimismen held ikkje. I siste kvartalsrapport - for andre kvartal 2020 - spår selskapet at betalinga for å leige ut forsyningsskipa og ankerhandteringsfartøya først i 2025-2027 vil nærme seg gjennomsnittsnivået for dei siste 7-10 åra.
Priskrigen i oljemarknaden og verknaden av koronkrisa har hatt på oljeetterspørselen har tydlegvis auka pessimismen, for i kvartalsrapporten for 1.kvartal 2020 spådde Solstad Offshore at marknaden ville nå gjennomsnittsnivået for dei siste 7-10 åra i løpet av 2024-2026.
Solstad er størst, men ikkje åleine. I veka som var har det eine reiarlaget etter det andre rapportert om pågåande eller komande forhandlingar med långivarane for å skaffe seg meir pusterom. Tidlegare rundar med refinansieringar viste seg å ikkje vere langvarige nok.
Denne veka kom det børsmeldingar frå og om at forhandlingane med kreditorane ikkje er i mål. repeterer meldinga frå i vår om at det kan bli naudsynt med ny kapitalinnhenting neste år etter å ha fullført ei i sommar. I årsrapportar frå Island Offshore-systemet står det at ei ny runde med forhandlingar er i gang for å sikre pusterom når dagens avtale går ut i løpet av året.

sikra seg i andre kvartal i år ein pustepause til sommaren 2021 og fekk i vår ein avtale på plass som strekkjer seg fem år fram i tid. har ein avtale klar, men den fell ikkje på plass før også det franske morselskapet er i mål med sine forhandlingar.
Bankane har tidlegare ikkje har ville tatt tap på utlåna til offshore-reiarlaga, men i staden berre utsett betaling av renter og avdrag. No ser det ut til at dei har endra syn.
I denne runden blir, eller kan bli, gjeld gjort om til aksjar - og også bankane er med på det.
Det kan vere på høg tid, for til dømes ein stor internasjonal konkurrent - amerikanske Tidewater - har for lengst fått gjelda kraftig redusert gjennom det amerikanske systemet for gjeldsforhandlingar.

Det neste som bør skje er at offshoreskip blir tatt ut av opplag og sendt til opphogging - til dømes hos Green Yard Kleven, som satsar på opphoggingsmarknaden.
Det kostar å ha skipa liggande i opplag, men enn så lenger har alt for få vore viljuge til å gi opp draumen om at det kjem ein dag der skipa på ny kan settast i oppdrag og tene pengar for reiarlaga. Går det som Solstad Offshore spår kjem den dagen altså først i 2025-2027. Då har mange båtar ligge i opplag i ti år.
At det er gjeld på båtane har truleg vore ei ekstra brems, for gjelda forsvinn i utgangspunktet ikkje om båten blir sendt til opphogging.
Dermed har det vore ein vond sirkel: Båtane blir ikkje sendt til opphogging fordi det er gjeld på dei. Alle båtane i opplag pressar prisen for å leige båtar ned og gjer det verre å for offshorereiarlaga å få overskot, slik at gjelda blir enda tyngre å bere.
Det er førebels for få å finne av dei bileta som illustrerer denne artikkelen, skip på veg til å bli gjort om skrapjern.

Publisert: 04.10.2020 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 21:59