ANALYSE
Omlag 60 bedrifter frå Nordfjord, Sunnmøre og Romsdal er blant utstillarane på den internasjonale bransjemessa AquaNor, som opnar tysdag 19. august.
Dette er selskap som leverer anlegg, utstyr og tenester til direkte eller indirekte til oppdrettsselskap, For nokre er oppdrettsnæringa heile inntektsgrunnlaget, for andre ein så viktig del at det også for dei er verdt å vise seg fram på messa.
Sjå oversikt over utstillarar frå Nordvestlandet i slutten av artikkelen.
Samla hadde utstillarane frå Nordvestlandet 22 milliardar kroner i inntekt i fjor. Målet er å minst oppretthalde, og aller helst auke den inntekta, og turen til Trondheim er eit middel for å nå det målet.
Då er det ein fordel at oppdrettarane har god lønsemd og investeringsvilje.
I år har lakseprisen i spotmarknaden - der prisen varierer frå veke til veke - falle frå 105,28 kroner for ein kilo laks i januar til 60,51 kroner kiloen i juli., viser prisstatistikk frå Fishpool. Hittil i august har prisen falle til 56,01 kroner kiloen (per veke 32).
Det betyr at det akkurat no kostar lakseoppdrettarane meir å produsere laksen enn det dei får betalt. Slikt skaper ein viss nervøsitet, sjølv om teori og erfaring tilseier at lågare prisar stimulerer etterspørselen og etterkvart løfta prisane igjen.
Produksjonskostnaden per kilo er omlag 60 kroner, ifølgje aksjeanalytikar Herman Aleksander Dahl i Nordea Markets, som følgjer oppdrettbransjen.
Fôrkostnadane utgjer omlag halvparten av dei samla produksjonskostnadane. Sjølv om fôrkostnadane har gått litt ned trur ikkje Dahl det er realistisk at dei samla kostnadane skal kome ned mot rundt 40 kroner kiloen, som var produksjonskostnadane for fem år sidan.
Hans vurdering er at oppdrettsnæringa har gode utsikter på lengre sikt, men han reknar med at bransjen er spent på prisutvikling vidare i år og inn i neste år.
Medan kostnadane er eit golv for kor mykje oppdrettane må få betalt for å unngå tap, er tilbod og etterspørsel det som regulerer prisen.
I år anslår Nordea Markets ein produksjonsauke på 10 prosent frå lakseoppdrettarane på verdsbasis. Noreg er størst, men også oppdrettarane i Chile og andre land har vekst.
Bakgrunnen er mellom anna hell med naturtilhøva, men og at oppdrettarane har blitt dyktigare til å tilpasse seg og unngå problem som dempa produksjonen. Dermed blir det ein vekst næringa ikkje har vore van med på fleire år, og prisane fell.
I ein fersk analyse anslår Nordea Markets nullvekst igjen i 2026 og to prosent vekst i 2027. Gjennomsnittprisen for 2025 vil bli 75 kroner kiloen etter Nordea Markets sine vurderingar, og neste år vil den bli 86 kroner kiloen.
Det betyr med andre ord at oppdrettsnæringa vil gå i pluss også i år, og enda meir i pluss neste år, om spådommen slår til.
| AquaNor-utstillarar frå Nordvestlandet |
| Aas Mek. Verksted AS |
| Amatec AS |
| Amokabel Norway AS |
| Anda -Olsen |
| Aquaservice AS |
| Artec Aqua AS |
| Baader Norge AS |
| Bauta fishfarms |
| Blue Ctrl AS |
| Brimer |
| Brunvoll AS |
| Cflow AS |
| Davi Turbo AS |
| Dimo |
| Evotec AS |
| Fagskolen i Møre og Romsdal |
| Fagskulen i Vestland studiestad Måløy |
| Filtra AS |
| Finnøy Gear & Propeller AS |
| Fjord Miljø AS |
| Furuno Norge AS |
| Glamox AS |
| HAV Design AS |
| HAV Group ASA |
| HL.Skjong AS |
| Intership/Aquaship |
| Koda Technologies AS |
| Langset Maritime AS |
| Libra |
| Marina Solutions AS |
| Maritim Motor AS-Yanmar Europe |
| Maritime Partner AS |
| MMC First Process |
| Måløy Vidaregåande Skule |
| Møre og Romsdal fylkeskommune |
| Mørenot Aquaculture AS |
| Nogva Motorfabrikk AS |
| Normex AS |
| Norwegian Greentech AS |
| Nyborg |
| Optimar AS |
| Ovun |
| PatoGen AS |
| Plany |
| Polyform |
| Rostein AS |
| Salthammer båtbyggeri AS |
| Seaoptic AS |
| Selstad |
| SHM Maritime |
| Simona Stadpipe AS |
| Skipskompetanse |
| Sæplast Norway AS |
| Sølvtrans Management AS |
| Tenfjord Industrier AS |
| Tomra Engineering AS |
| Triangel Business Solutions |
| Ulmatec Pyro |
| Ulmo AS |
| Ulstein Betong |
| Vartdal Plastindustri AS |
| Volt Service AS |
| Zewo Chemicals |
| Nokon som manglar? Send meg ei melding: ogne@nett.no |
Publisert: 17.08.2025 05:00
Sist oppdatert: 16.01.2026 08:00






