Sandberg maa ta fram diplomaten
UVENTA VAL: Per Sandberg er ny fiskeriminister.
Analyser

Sandberg må ta fram diplomaten

Per Sandberg har rom til å ikkje gjere seg særleg bemerka som fiskeriminister.

20.12.2015
ANALYSEMange blei forbausa over at Per Sandberg frå Framstegspartiet blei utnemd til fiskeriminister då Erna Solberg skifta ut og rokerte på statsrådane. Sandberg er nestleiar i partiet og ein av Noregs mest profilerte og hardslåande politikarar, men det er alt anna enn i fiskeripolitikken han har markert seg.No tek han over etter Elisabeth Aspaker frå Høgre, som blir Europaminister. Med på kjøpet får Sandberg fleire saker som Aspaker sette i gang, eller delvis arva frå førre regjering.Blant det siste er , eit framlegg til korleis kommunane kan få betalt for å legge til rette for vekst i oppdrettsnæringa. Aspaker ville ikkje ha løysinga som kanskje vore lettast å administerere, ei avgift knytt til arealbruken, men går uansett inn for at kommunane skal få pengar i kassa frå oppdrettselskapa som brukar sjøareal i kommunen.I november , med framlegg om å mjuke opp og kanskje etterkvart fjerne plikta den industrieigde havfiskeflåten har til å levere fangsten til bestemte anlegg i Nord-Noreg. I praksisk betyr det først og fremst betre vilkår for Havfisk, som må levere til søsterselskapet Norway Seafoods sine ulønsame fabrikkar på land. Med Røkke som storaksjonær bak begge selskapa er dette er tema med stor symbolverdi i Nord-Noreg og med direkte konsekvensar i dei lokalsamfunna som blir berørt.Aspaker har lagt opp til at Havfisk med tida kan betale seg ut at pliktene, og dermed kutte pliktbanda til bygder og industri for godt.Sandberg får også ansvaret for å konkludere .Han er med andre ord delvis bunden opp til å gå den vegen Aspaker og regjeringa alt har peika ut. Kort sagt gir det truleg grei karakter om han berre får losa storparten av det Aspaker sette i gang gjennom i Stortinget, og skaffar seg verdifull statsrådserfaring på kjøpet. er så pass generelt at Sandberg ikkje burde få problem i høve til det som står der heller. Partiet vil gjennomgå deltakarlova (regulerer kven som får lov å eige fiskebåtar) og Råfisk/Fiskesalslaglova (gir fiskesalslaga monopol på førstehandsomsetning av fisk) og utvikle eit system med omsettlege kvoter. Dette er i og for seg omstridde tema, men når framdriftsplanen og innhaldet er så lite konkret som her gir det Sandberg stort spelerom. Fiskeripolitikken går i retning av aukande fridom til kjøp og sal av kvoter, ein konsentrasjon av færre kvotar på færre båtar, og meir marknad og mindre regulering uansett kven som sit i regjering, om enn i rykk og napp. Sjølv Helga Pedersen (Ap) som prøvde seg på ein litt annan veg ei kort stund slo retrett.I havbruk er dei tøffaste reguleringane knytt til miljøet (begrensa høve til vekst på grunn av at næringa ikkje har fått bukt med lakselusproblemet). I fiskeri er reguleringane meir omfattande, men minkande.Det moglege problemet med Sandberg er at han utad ikkje akkurat har stått fram som ein samlande person. Han har nok bidratt til å samle inn Frp-veljarar, men skal han lukkast med å gå den vegen Elisabeth Aspaker har staka ut må han også samle andre bak seg. Oppskrifta for å få med seg den eine flokken er ikkje nødvendigvis den som må brukast for å samle den andre.Aspaker lærte truleg av sin meir markante forgjengar frå Høgre, Svein Ludvigsen, som dreiv gjennom tiltak litt kjappare enn det fleirtalet på Stortinget ville vere med på. Det førte til at Helga Pedersen prøvde å reversere noko av det Ludvigsen sette i gang. Næringslivet likar stabile rammevilkår. Det gjer skaper større tryggleik når investeringar skal gjerast. Difor såg Aspaker langt fram, og satsa på at vedtak ho fekk gjennom skulle bli ståande også etter eit regjeringskifte i framtida. Det krev at endringar får tid til å modnast, også hos opposisjonen. Det er traust og kjedleg, men trygt. Ikkje alle Sandberg-utspel passar til den karakteristikken.Skal han få meir enn bestått som fiskeriminister må han få mellompartia og Arbeidarpartiet til å strekkje seg i den retninga Aspaker ville gå. Sandberg fekk ros frå Krf og Venstre i for innsatsen i forhandlingane som la grunnlaget for H/Frp-regjeringa. Truleg er det eigenskapane han viste der som er middelet til å gjere jobber som fiskerimister til ein suksess.

Publisert: 20.12.2015 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 21:59