Landsmøtet til Norges Fiskarlag enda med at Fiskebåt, ein av dei tre underorganisasjonane, melde seg ut. Frå talarstolen gjentok den andre - Sør-Norges Fiskarlag - at den ikkje er interessert i å halde fram i Norges Fiskarlag saman med berre den tredje underorganisasjonen, Nord Fiskarlag.
Innleiinga på denne artikkelen handlar ikke om landsmøtet gjorde rett eller eller feil når resultatet blei splitting. Den handlar om at det rett og slett ikkje er råd å konkludere med kva som blir konsekvensane.
Norges Fiskarlag har vore den største interesseorganisasjonen for fiskar og fiskebåtreiar, som i alle fall i store deler av tida har vore ein arena for å kompromisse om stridsspørsmål og presentere eit samla syn på korleis fiskerinæringa vil ha det.
Sett frå politikarsida har dette vore ei god ordning, og spart dei for å måtte ta tøffe beslutningar.
No blir det ikkje lenger slik.
Langvarig misnøye
Langvarig misnøye og mistillit til Nord Fiskarlag ligg bak at Fiskebåt melder seg ut av Norges Fiskarlag etter at Nord Fiskarlag blokkerte ei vedtektsendring som ville gitt Fiskebåt, Nord Fiskarlag og Sør-Norges Fiskarlag lik representasjon i Norges Fiskarlag sine styrande organ. Konflikten handlar i stor grad om Nord Fiskarlag sine ønskje og intitativ for omfordeling av fiskekvotar. I dag har Nord Fiskarlag negativt fleirtal i Norges Fiskarlag, og det ville laget ikkje gir frå seg trass i at partane sist vinter hadde blitt samde om ei fredsløysing som innebar ei tredeling av makta.
Fiskebåt, som organiserer eigarane av den havgåande fiskeflåten, har medlemane med dei største inntektene og potensialet for å bli den økonomiske sterkaste interesseorganisasjonen i fiskerinæringa når den no vil drive vidare som ein sjølvstendig organisasjon.
Det borgar for at organisasjonen kan drive eit godt og profesjonelt arbeid for gjennomslag i saker medlemane er opptatt av.
I 2024 stod medlemsfartøy frå Fiskebåt for omtrent to tredjepartar av inntektene til Norges Fiskarlag, omlag 39 mill. kroner, ifølgje Fiskarlaget.
Men ein interesseorganisasjon treng også politisk kapital. I den vektskåla er det ikkje sikkert at store pengar, store båtar og hovudtyngda av medlemane i Sør-Noreg veg tyngre i opinionen, enn sjarkar og sinte nordlendingar.
Den relative betydning er stor i mange mindre kystsamfunn, og ikkje minst er den symbolske betydninga av fiskeri er større i Nord-Noreg enn i sør.
Kvotemeldinga som Stortinget vedtok i 2024, viste også at det er råd å få politikarane til omfordele kvotar mellom ulike grupper fiskarar - slik Nord Fiskarlag ville. Nord Fiskarlag gjorde eit forsøk på å få landsmøtet denne veka til å gå inn for ytterlegare omfordelingar, men vart nedstemt av delegatane frå Fiskebåt og Sør-Norges Fiskarlag.
Når Fiskebåt forsvinn ut av Norges Fiskarlag blir det i utgangspunktet lettare for Nord Fiskarlag å vinne fram internt i Norges Fiskarlag - og kanskje hos i opinionen og politikarane. Om det ikkje blir så store endringar frå år til år, vil dei litt om senn gjere store utslag.
Etter landsmøtet drog alle delegatar og andre landsmøtedeltakarar kvart til sitt for å sette seg i tenkeboksen.
I den tenkeboksen må dei både tenke på korleis dei sjølve - Norges Fiskarlg, Nord Fiskarlag, Sør-Norges Fiskarlag og Fiskebåt, skal organiserer seg og arbeide.
I den vurderinga høyrer det med å vurdere og orientere seg om korleis dei andre aktørane vil handle, og eventuelt søkje samarbeid og nye alliansar. Det ikkje automatikk i at Nord Fiskarlag kjem vinnande ut.
Sør-Norges Fiskarlag kom med ein klart invitt til Fiskebåt i fjor haust om at laget vil kjempe for sin rett til å drive Norges Fiskarlag vidare - saman med Fiskebåt og medlemer frå Nord-Noreg som vil vere med. Den invitasjonen vart gjentatt på landsmøtet.
Dette alternativet vil mellom anna bety en interessant maktkamp om Norges Fiskarlag.
Det vil kreve at Nord Fiskarlag enten sjølv vel å gå ut, blir tvinga ut - eller mister medlemar til konkurrenten Norges Kystfiskarlag i så stor grad, at Nord Fiskarlag mister mesteparten av slagkrafta laget har.
På tampen av landsmøtet vart det overraskande nok - spesielt for Nord Fiskarlag - vald ein representant frå Fiskebåt som ny styreleiar i Norges Fiskarlag. Valet skjedde med støtte frå Fiskebåt og Sør-Norges Fiskarlag.
Det sikrar mellom anna Fiskebåt ei hand på rattet i utmeldingsprosessen, som i utgangspunktet først blir avslutta under neste landsmøtet om to år.
Styreleiarvalet reduserer også Nord Fiskarlag si makt i Norges Fiskarlag dei komande to åra og gir Fiskebåt pusterom til å bygge opp si gjennomslagskraft i mellomtida.
Publisert: 23.11.2025 05:00
Sist oppdatert: 25.11.2025 16:46






