Analyser
Store kontrastar
Oppdrettsmessa Aqua Nor slår alle rekordar. Reiarlag og verft driv med refinansiering.
23.07.2017
ANALYSEDet er store kontrastar i næringslivet på Nordvestlandet no.Når Aqua Nor opnar dørene tysdag 15. august er det ei av dei store vekstnæringane som samlast i Trondheim.Nesten 600 utstillarar er på plass, og over 100 bedrifter står på venteliste for å vere med. Det er rekord. Hotella er fulle, det er venta ny besøksrekord, talet på utanlandske utstillarar har aldri vore større og bedrifter som før var tungt inne i oljebransjen har no snudd seg mot oppdrett og stiller på stand i Trondheim.Sjølv om Nordvestlandet ikkje har hovudkontor for nokon av dei store oppdrettselskapa lenger, er ringverknadane betydlege også her.Til slutt i artikkelen kan du lese kven som er som utstillarar frå Sunnmøre og NordfjordBrønnbåtreiarlag og utstyrsleverandørar skaper mange arbeidsplassar, konkluderte ei undersøkjing som forskingsstiftinga Iris ved Universitetet i Stavanger gjorde på oppdrag for Vestlandsrådet i fjor.På Sunnmøre er det snakk om nesten 2400 personar, som utgjer 4,8 prosent av alle sysselsette. I Nordfjord har 400 personar arbeidet sitt hos teneste- og utstyrsleverandørar til fiske- og havbruksnæringa. Det tilsvarar 3,8 prosent av alle sysselsette.Norsk Industris sin bransjeorganisasjon for utstyrsleverandørane kjem til å legge fram ein ny ringverknadsrapport på Aqua Nor. Den vil sannsynlegvis ytterlegare stadfeste Iris-rapporten, at oppdrett er viktig for Nordvestlandet.Oppdrettsnæringa har fyllt opp orderbøkene hos verfta då bygging av offshorefarty klappa saman. Over ein fjerdepart av båtane som i dag er under bygging ved norske verft er no brønnbåtar. Det er ein bransje i god stemning som samlast i Trondheim om få veker.Det skjer samstundes som andre deler av næringslivet på Nordvestlandet framleis slit med skadeverknadane etter oljeprisfallet. Refinansieringa av alle offshorereiarlaga er framleis ikkje over, medan 2016-tala til Kleven og Rolls-Royce viser at dei i beste fall nådde botnen i syklusen i fjor.Også her er det mange arbeidsplassar det er snakk om. Kleven og Rolls-Royce Marine har til saman rundt 2500 eigne tilsette. Sjølv om begge har fått ein fot innanfor i oppdrettsnæringa, er det sannsynlegvis etterverknadane av oljeprisfallet som har størst merksemd der.Det ville sjølvsagt vere bra om både Kleven og Rolls-Royce kunne rette all merksemd lenger fram enn til det akutte behovet for å gå med overskot igjen.Men samstundes viser kontrasten melllom boomen for utstyr- og serviceleverandørane til oppdrettsbransjen og vanskane for oljerelaterte selskap kor heldig Nordvestlandet trass alt er med næringsstrukturen.Under oljeboomen snudde alle som kunne seg mot oljebransjen. I ettertid kan vi kan vi kanskje vere glade for at det framleis var andre livskraftige næringa att då oljeboomen ebba ut.Her kan du sjå kven frå Sunnmøre og Nordfjord som stiller på stand i Trondheim under Aqua Nor:Seacon, VågsøySelstad, VågsøyNaval Comsult, VågsøyPro Aqua, VågsøyStadpipe, SeljeVard, ÅlesundRegatta, ÅlesundSølvtrans, ÅlesundDefloat, ÅlesundCcom, ÅlesundPatoGen Analyse, ÅlesundAmo Spesialkabel, ÅlesundNormex, ÅlesundArtec Aqua, ÅlesundZegeba, ÅlesundASK Safety, ÅlesundJ. Weiberg Gulliksen, ÅlesundBaader Norge, ÅlesundMartime Partner, ÅlesundSæplast Norway, ÅlesundFuruno Norge, ÅlesundMarinequip, SulaCflow, SulaHL: Skjong, GiskeOptimar, GiskeMare Safety, UlsteinPlany, SandeBrimer, SandeMMC First Process, HerøyDavi Turbo, HerøyFrøystad, HerøyHavyard Group, HerøyBjørdal Industrier, ØrstaVartdal Plastindustri, ØrstaFishtech Hygena; SykkylvenAmatech, SykkylvenTenfjord Industrier, HaramUlmatec Pyro, HaramMørenot Aquaculture, HaramNogva Motorfabrikk, HaramRostein, HarøyAas Mek. Verksted, VestnesVestlandet FellesstandFinnøy Gear& Propeller, Harøy
Publisert: 23.07.2017 06:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 21:59