Tre pluss og eitt minus
GJER JOBBEN: Robotcelle hos Vik Ørsta i arbeid. 
Analyser

Tre pluss og eitt minus

Store investeringar i industrien gir ikkje automatisk mange nye arbeidsplassar, men utan blir det langt færre.

05.03.2017
ANALYSEBåde Spilka på Emblem og Vik Ørsta har fortalt om store investeringar i produksjonen den siste veka. Spilka er midt i bygginga av ein ny produksjonshall, Vik Ørsta er i ferd med å sette opp ei nye produksjonsline.Til saman er det snakk om investeringar på 60-70 millionar kroner.Fellesnemnaren for begge to er automatisering. Det er maskiner, ikkje folk, som skal gjere jobben. Men Vik Ørsta-direktør Kjetil Nesset har truleg rett i at alternativet ville vere utflagging. Billegare arbeidskraft i utlandet kan berre utkonkurrerast ved å ta ny teknologi i bruk og utnytte gamal teknologi på betre måtar.Vik Ørsta har ein typisk norsk måte å jobbe på, der operatørane ved robotcellene har stor sjølvstende i å justere og sette opp robotane. Teknologien i industrien vil etterkvart bli tilgjengeleg for alle, men ikkje alle land har fordelen av å ha godt utdanna og sjølvgåande tilsette.At møbelprodusenten Variér no pakkar saman den siste rest av aktivitet på Sunnmøre viser betydninga produksjon har for dei andre arbeidsplassane i ei bedrift. Variér avvikla produksjonen i Skodje i 2014, men skulle behalde 10-15 tilsette på Sunnmøre for å jobbe med produktutvikling og distribusjon. Til sommaren flyttar dei siste av desse også ut av regionen. Møbelindustrien valde i stor grad utflagging av produksjonen då finanskrisa og oljeboomen i etterkant forverrra konkurransevilkåra. I lys av utviklinga innan automatisering og robotteknologi - der teknologien blir meir tilgjengleg også for mindre og mellomstore bedrifter - er det synd at ikkje møbelindustrien kunne halde ut litt lenger. Og for heile møbelmiljøet bør det som skjer med Variér vere ein ny påminning om fordelen med å oppretthalde produksjon innanlands.Der er Spilka og Vik Ørsta bedrifter å trekkje lærdom av.Det er også Kleven, som førre veka starta produksjon av dei nye hurtigrutene, der mykje av av skroget skal byggast i Noreg - .Kleven, Vik Ørsta og Spilka er pluss, det som skjer med Varier er eit minus for Nordvestlandet.For få år sidan var det utenkleg at skrogbygging skulle bli henta heim til Noreg. Det er det ikkje no lenger, noko Vard sin siste fiskebåtkontrakt viser. Men sjølv om alternativet til å automatisere truleg er verre, reiser det likevel utfordrande spørsmål. Robotane rykkjer inn på felt som for få år sidan var utenkleg at dei kunne operere på, Vil automatiseringa bli så omfattande at det ikkje blir nok jobbar til alle? Og i så fall, kva med dei som ikkje er inne i arbeidsmarknaden?Eller blir det nok ein gong som ved tidlegare store omveltningar skapt nye jobbar ingen har tenkt på?Ein Statistisk sentralbyrå-rapport konkluderte for få år sidan med at ein tredjepart av alle norske jobbar blir utsett for automatisering dei neste 20 åra.Det høyrest kanskje skummelt ut, men automatiseringa er kanskje einaste garantien for at jobbane blir i Noreg.

Publisert: 05.03.2017 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 21:59