Treng vekst for aa sikre sysselsetting
MANGE JOBBAR: Tiego Lopes og Ole Christina Skogen frå Klippfiskakademiet serverte over 5000 smaksprøver frå sjømatbedrifter i Møre og Romsdal under Aqua Nor denne veka. Bedriftene i sjømatnæringa og alle som leverer utstyr, varer og tenester til dei sysselset 66.000 årsverk.
Analyser

Treng vekst for å sikre sysselsetting

Marknadsverdien av oppdrettselskapa kan doblast om veksten i næringa blir begrensa, men det er ingen god ide meiner analytikar og fiskeriminister.

25.08.2019
ANALYSEDersom veksten i oppdrettsproduksjonen globalt berre blir på tre prosent årleg kan vi få ein laksepris heilt opp i 81 kroner kiloen. Det er konklusjonen i ein analyse av korleis prisen på laks vil utvikle seg ved ulike veksttakt i produksjonen, som Nordea og Norges Sjømatrådet presenterte på Nordea og Sjømatrådet sin felleskonferansen under oppdrettsmessa Aqua Nor denne veke.Tre-prosents vekst vil doble aksjekursen på det børsnoterte oppdrettselskapa, men samstundes gjere laks til ei så dyr matvare at det vil bli eit stort hinder for å vinne innpass i nye marknadar.- Laks blir noko a la russisk kaviar. Det er ingen strategi for langsiktig vekst, sa finansanalytikar Kolbjørn Giskeødegård i Nordea då han presenterte analysen.Fiskerminister Harald Tom Nesvik, som sjølv deltok på konferansen, er samd med Giskeødegård. Stor gevinst til oppdrettselskapa på kort sikt er ikkje målet, tvert i mot.- I det lange løp er ikkje det rette måten å gjere det på, sa Nesvik til NETT NO.For norsk oppdrettsnæring handlar det også om å oppretthalde marknadsandelar og sin posisjon som verdsleiande i oppdrett av atlantiske laks og aure. Dersom norsk oppdrettsnæring ikkje kan vekse på line med konkurrentane i utlandet er det andre som får gevinsten frå ny vekst, og det er ikkje ønskjeleg, etter Nesvik sin vurdering.I haust opnar Nesvik for ny vekst i Noreg, gjennom det såkalla trafikklyssystemet. I dei områda der miljøkriteria er oppfylt - først og fremst når det gjeld statusen på lakselusproblemet - får oppdrettarane klarsignal for å auke produksjonskapasiteten med seks prosent. Neste runde for tildelinga av retten til ny vekst kjem om to år, slik at det på årsbasis blir opna for tre prosent årleg vekst.I trafikklyssystement er de også to andre kategoriar, gult og raudt. I gule området blir det ingen vekst, og i raude må oppdrettarane redusere produksjonen. I denne runda blir også raudt lys tatt i bruk for første gang, i følgje Nesvik. Der må produksjonen ned.Kven som får klarsignal for vekst eller ei blir klart tidleg i 2020.Giskeødegård si vurdering er at produksjonen i Noreg kjem til å auke nok til at bransjen unngår ein prisauke som gjer det uråd å utvide marknaden. Grunnen er ikkje berre at styresmaktene opnar for vekst i området som tilfredsstiller miljøkrava. Åleine er ikkje det nok, men kombinerte med endra produksjonsmetodar vil det gi ein vekst som gjer prisen på laks akseptabel også for nye kjøpargrupper. Endra produksjonsmetodar handlar først og fremst om å la laksen vekse seg større i settefiskanlegga før den blir sett i sjøen. Det reduserer tida frå laksen blir sett i sjøen til den kan slaktast, slik at produksjonskapasiteten i oppdrettsanlegga aukar utan at det må stå fleire fiske i sjøen til ei kvar tid. Om oppdrettsnæringa lukkast i å auke produksjonen eller ei har store økonomiske konsekvensar. Ein stagnert produksjon vil gi høge prisar og stor gevinst for eigarane av oppdrettselskapa. Dei får meir pengar mellom hendene, men vil etterkvart få større vanskar med å investere alle pengane i den næringa dei kjenner best - si eiga. Vekst gir auka investeringar rett og slett fordi det då trengst meir av alt som må til for å drette opp fisk og få den ut i marknaden. Utan vekst er det snakk om å investere i vedlikehald, og det blir det færre jobbar av.Verdiskapingen pr. årsverk i sjømatnæringen er høg, og spesielt høg innan oppdrett av laksefisk. Havbruk har den fjerde høgaste verdiskapinga av all næringsverksemd i landet i 2018 medrekna oljenæring, Sintef brukar verdiskaping som eit omgrep som viser bedriftene sit att med til eigarar, långivarar, tilsette og skatt, etter å ha betalt for varer og tenester bedrifta må ha for å produsere sine varer og teneste.I fjor passerte verdiskapinga i sjømatnæringa 100 milliardar kroner for første gang, etter Sintef sine berekningar. 60 prosent av verdiskapinga skjedde i oppdrett- fiskeri- og vidareforedlingsselskapa, resten hos bedriftene som leverer varer og teneste til desse. Det betyr at alt frå utstyrsleverandørar til advokatar har ei verdiskaping på 40 milliardar kroner knytt til sjømatnæringa.Det er ikkje berre snakk om ei viktig næring målt i pengar, men og i jobbar. Samla sysselsetting i og tilknytt sjømatnæringa er 66.000 årsverk, 29.000 årsverk i fiskeri, oppdrett og vidareforedling, 37.000 årsverk i bedriftene som leverer varer og tenester til fiskeri- oppdrett- og foredlingsbedriftene.Les fleire NETT NO-artiklar frå Aqua Nor 2019 her:

Publisert: 25.08.2019 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 21:59