Tyrkiatroebbel kan gi prishopp paa skip
PRESSAR PRISEN: Tyrkiske verft har utkonkurrert norske og andre europeiske konkurrentar i konkurransen om mange kontraktar. Blir Tyrkia uaktuelt å bygge skip i må reiarane truleg bu seg på prishopp på nybygg. Biletet er frå skipsverftet Cemre i 2014.
Analyser

Tyrkiatrøbbel kan gi prishopp på skip

Både verft og reiarar i Noreg må tenkje nytt om det blir slutt på skipsbygging i Tyrkia.

26.08.2018

ANALYSE


At 11 av 15 skip det tyrkiske skipsverftet Tersan har under bygging nett no skal til norske reiarar fortel kor viktig norske kundar er for tyrkiske verft.
Men det fortel og kor viktig Tyrkia er blitt for norske reiarar. Norske verft får også skrog frå Tyrkia, slik at det ikkje er berre gevinst å hente for norske skipsverft om konkurransevilkåra for tyrkarane blir forverra.

I ein artikkel i februar i år skreiv NETT NO at det frå 1. januar 2015 og fram til artikkelen blei publisert vart inngått 12 større fiskebåtar-kontraktar på norske verft, mot 25 i utlandet - ni av dei i Tyrkia.

Under Nor-Fishing denne veka kom Nordea med ein klar advarsel: Ikkje signer kontrakter om bygging ved tyrkiske verft no.

Det er den tilspissa situasjonen mellom Tyrkia og USA og faren for at USA innfører sanksjonar mot Tyrkia som har fått europeiske bankar til å slutte å stille garantiar, blant anna for forskot som reiarar betalar til tyrkiske verft, i følgje Nordea. Slike garantiar sikrar at reiarane får forskotet attende om bygginga går i vasken. Utan garantien må dei ta risikoen sjølv, og det meiner Nordea er alt for risikabelt.
Vanskane for Tyrkia har fleire årsaker, der striden om ein fengsla amerikansk pastor som USA vil ha lauslatt, kjem på toppen av det heile.
Hos Tersan er reaksjonen at dei ikkje opplever problem, og at ein kunde så seint som i førre veke fekk garantien som skulle til for å signere og sette i gang med bygginga.
Turbulensen blir kortvarig, var spådommen til Sakir Erdogan, direktør for forretningsutvikling i Tersan kom med under Nor-Fishing.

Kor lenge uroa varer og kor lenge bankane held att på garantiane er truleg avgjerande for korleis både tyriske og norske verft kjem ut av dette.
Det er viktig å hugse at det ikkje er allereie inngåtte kontrakter, der garantiar er på plass, som blir råka. Det er kva som skjer når det gjeld nye kontrakter framover som er usikkert. Får Tersan-direktøren rett vil dagens uvisse neppe få store konsekvensar.
Dei tyrkiske verfta kom for alvor i konkurranse med norske verft etter finanskrisa. Tidlegare kundar forsvann og dei tyrkiske verfta snudde seg mot ferjer, fiskefartøy, seismikkskip og mindre offshoreskip.

Tyrkiske verft har vunne oppdrag fordi mange finn kvaliteten og prisen attraktiv.
I første omgang vil difor dei som vurderer bygging i Tyrkia truleg vente og sjå. Dei færraste har bråhast, og kan ta seg tid til å sjå utviklinga an. Norske verft kan difor ikkje rekne med ein umiddelbar verknad av at Tyrkia blir mindre lokkande å bygge skip i.
Men dess lenger uvissa dreg ut i tid, og om striden mellom USA og Tyrkia blir enda meir tilspissa, vil endringane kome.
Tyrkia kan bli spelt ut over sidelina, om enn ikkje i første omgang.
For skrog er verft i Baltikum, Polen og Romania alternativ til Tyrkia. Norske verft må framleis konkurrere med danske, spanske og andre europeiske verft, men utan tyrkiske verft i konkurransen må reiarar truleg bu seg på at prisen på nybygg går opp.

Publisert: 26.08.2018 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 21:59