Analyser
Tørkar fagarbeidar- og handverkarkjelda inn?
Lønnsveksten er større i aust enn i vest. Vil austeuropearane slutte å kome hit?
28.01.2018
ANALYSE
85.000 polakkar budde i Noreg i slutten av 2016, skriv Nordea i sin siste "Nordea Economic Outlook", som blei publisert tidlegare denne veka. Noreg er det femte mest populær reisemålet for polske arbeidsutvandrarar og klart på topp blant dei nordiske landa.
Polske statsborgarar er ikkje dei einaste som borgarane frå EØS-området som har sett kursen mot Noreg. Korkje bygge- eller verftsbransjen hadde greidd å ta unna alle oppdraga som kom, utan arbeidskraft frå utlandet.
For Nordvestlandet blei arbeidsinnvandringa ei velsigning også då oljeprisen stupte og offshorereiarane slutta å tinge nye skip.
Rundt 1500 arbeidsinnvandrarar har reist heim frå Møre og Romsdal etter at nedturen kom anslo NAV-sjef Stein Veland i eit intervju publisert i NETT NO-magasinet før jul.
Takka vere den returen fekk Nordvestlandet ei arbeidsløyse godt nede på to-prosent-talet , i staden for 3,5 prosent.
Arbeidsinnvandringa frå aust har vore med på å dempe lønsveksten i vest i følgje Nordea-rapporten - og dermed lagt ein dempar ein forbrukardriven opptur i økonomien.
Men no er den økonomiske veksten i aust blitt så høg at Nordea trur fleire i aust blir freista til å bli i heimlandet, eller reise heim frå Vest-Europa.
Det er Ungarn, Tjekkia og Poland som hadde den høgaste lønsveksten i Europa i tredje kvartal 2017 og berre i Tyskland fall arbeidsløyse meir enn der i same kvartal.
Sjølv om det framleis er meir å tene i vest vil stigande løner og godt om jobbar gjere heimlandet meir freistande,
Vi kan stå ved eit vendepunkt, der straumen av arbeidsinnvandrarar til Vest-Europa kan snu. Skjer der vil det ikkje gå lang tid før det slår ut i lønsutviklinga i Vest-Europa og, meiner banken.
I Noreg er det no berre ein svak vekst i arbeidsinnvandringa, trass i at etterspørselen etter arbeidskraft har tatt seg opp frå sommaren 2016 og arbeidsløysa er nede på normalt nivå etter oljenedturen. Gode tider i aust er ei viktig årsak til at utlendingane ikkje strøymer inn i Noreg slik dei gjorde før oljenedturen, trur Nordea.
Om banken har rett er verknaden på lønsveksten er ein ting, men for Noreg kan det bli vel så interessant å sjå korleis næringslivet og styresmaktene vil handtere at behovet for fagarbeidarar og handverkarar ikkje blir like lett å stette ved å hente arbeidskraft ute.
Står det unge folk klar til å gå inn att i byggebransjen til dømes, eller er rekrutteringa forsømt i mange år?
Ein som ikkje har forsømt rekrutteringa er Jon Grebstad i anleggsfirmaet Volda Maskin. Han starta med å ta inn lærlingar i 1997. Firmaet har 60 på lønningslista og 30-40 prosent av dei har vore lærlingar i bedrifta. Det handlar om rekruttering.
- Vi har aldri søkt etter folk, seier Grebstad.
No er over 13 prosent av arbeidstokken lærlingar, og Volda Maskin fekk denne veka ein velfortent pris for si langvarige satsing på lærlingar.
Anleggsbransjen har vore flink til å vise seg fram for unge på veg inn i arbeidslivet meiner Grebstad. Det viser seg melllom anna i at bedriftene i bransjen har auka talet på lærlingar med 70 prosent sidan 2011. Når unge ser at det er læreplassar så satsar dei også på utdanninga.
Ikkje alle bransjar har vore like flinke. Det skaper ein vond sirkel, etter Grebstad si vurdering. Få læreplassar gir færre som vil utdanne seg i faget og færre som utdannar seg i faget gjer at det blir færre og færre potensielle lærlingar å finne.
Blir det tyngre å lokke aust-europearar hitover er det fleire som bør skunde seg å gjere som Grebstad.
Publisert: 28.01.2018 06:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 21:59