Hareid Samarbeid læring næring Foto Marius Rosbach 11
NYTT SAMARBEID: I Hareid har ein rekke bedrifter, kommunen, skulane og andre aktørar forplikta seg til eit samarbeid som skal sikre dei som veks opp i kommunen god kjennskap til næringslivet og kva moglegheiter som ligg her for dei når dei blir vaksne. Foto: Marius Rosbach
Analyser

Unge i Møre og Romsdal viser veg

Dobbel grunn til å gle seg over søkartala til vidaregåande utdanning i fylket.

Marius Rosbach
31.03.2024

Analyse:

Nyleg kom søkartala for årets opptak til dei vidaregåande skulene. Dei viser at Møre og Romsdal saman med Finnmark er fylka der desidert flest av dei unge har sett opp yrkesfag som sitt fyrsteval.

Heile 65 prosent av dei 3806 søkarane til vidaregåande i Møre og Romsdal vil gå den retninga. Det er historisk høgt og svært gledeleg.

Ein bonus er at flest vil gå teknologi- og industrifag. Begge delar lovar godt om ein skal sjå på kva kompetanse næringslivet treng i åra framover.

Om det i tillegg er ein peikepinn på ein nasjonal trend, er det enno større grunn til å gle seg.

Etter fleire års innsats for å få fleire til å velje yrkesfag, har pilane gått «rett veg» dei siste par åra. Det er no eit fleirtal - vel 52 prosent - av de unge her til lands som har ei yrkesfagleg utdanning øvst på ønskelista si.

Søkartala til yrkesfag viser betydeleg skilnad i vala til dei unge, avhengig av kvar dei bur. Etter Finnmark og Møre og Romsdal på topp, er det eit hopp ned til Nordland som er neste fylke på drygt 60 prosent (sjå grafikk, journ. anm.).

Skjermfoto grafikk kilde utdanningsdirektoratet
FLEIRE VIL GÅ YRKESFAG: Grafane viser del av ungdomsskuleelevar som har søkt yrkesfagleg retning i dei ulike fylka i år. Skjermfoto: Utdanningsdirektoratet

13 av 15 fylker ligg over snittet – medan Akershus og Oslo dreg betydeleg ned. Her søker berre 40 og 27 prosent av elevane frå ungdomsskulen seg til yrkesfag.

Kvifor det er slik, finst det ei rad forklaringar på. At fleire no forsøker yrkesfag har truleg mykje å gjere med omlegginga av utdanningssystemet, som gjer at det «mindre risikabelt» å velje feil.

Dei siste åra er det i stadig større grad innført valfridom som gjer at det er enklare å endre retning undervegs i utdanningsløpet, som å ta ingeniørutdanning , etter å ha teke fagbrev ved eit lokalt verft. Næringsministrar frå skiftande parti har i den same periode snakka varmt om behovet for fagarbeidarar.

Ein trend har gjerne også ein tendens til å vere sjølvforsterkande. Om vennane til ungdomen vel yrkesfag, gjer det i seg sjølv sjansen større for at dei også gjer det same.

Og framleis er det også slik at dei unge i betydeleg grad går i foreldra sine fotspor. Er foreldra dine akademikarar, eller utan utdanning, er sjansen større for at du følgjer i same retning.

At det er mange som vel yrkesfag i Møre og Romdal kan ha med næringsstruktur å gjere. Fylket er prega av entreprenørskap og industribyggjarar, og ingen eksporterer meir per sysselsett i fastlandsindustrien.

Den store søkinga til yrkesfag kan også ha å gjere med målretta innsats. For to år sidan skreiv underteikna om ungdomar sine val til vidaregåande utdanning med utgangspunkt i ein rapport frå Menon Economics.

I den kom det fram at meir enn ein tredel av bedriftene meiner samarbeidet med det offentlege om ungdomsskuleelevane sine utdanningsval, var dårleg, eller svært dårleg – og at yrkesfaga burde profilerast meir.

Det blei opplyst at samarbeidet mellom bedrifter og dei vidaregåande skulene, i hovudsak skjedde gjennom lærlingordninga. Mange bedrifter ønska tettare kontakt med elevar og få presentere seg på skulane, i tillegg til besøk ved bedriftene.

Rapporten skulle legge føringar for korleis fylkeskommunen og fagskulen jobba på feltet framover. I ettertid har også kommunar starta opp nye samarbeid med lokalt næringsliv. Hareid og Herøy er to av fleire kommunar som har teke i bruk programma til Ungt Entreprenørskap for å fortelje ungdomane om kva karrieremoglegheiter som finst hos bedrifter i nærmiljøet deira. Slike initiativ har truleg vore med å forsterke trenden med høg søking til yrkesfag hos dei unge i Møre og Romsdal.

Underteikna har tidlegare meint at tilbodet i dei vidaregåande skulane istørre grad bør vere ein balanse mellom behovet i arbeidslivet og kva elevane ønsker seg. Å avgrensa moglegheitene til at dei unge får oppfylt førstevala sine, kan vere verktøy for å sikre både næringsliv og det offentlege arbeidskrafta dei treng i framtida. Og med utsikter til ein stadig meir aldrande befolkning og knappheit om arbeidskraft, kan slike grep tvinge seg fram.

Om utviklinga søkjartala held fram, er det likevel freistande å putte slike tankar i skuffen, og i staden ha trua på at dei unge veit kva som er best – både for dei sjølve og fellesskapet.

Publisert: 31.03.2024 05:00

Sist oppdatert: 31.03.2024 01:25

Mer om