Analyser
Upopulær skatt på frammarsj
Det er ein viss angst i næringslivet i Stryn om dagen.
08.10.2017
ANALYSEEtter ti år er det tid for ny runde med taksering i Stryn. Det gjer næringslivsleiarar litt nervøse.Stryn har nemleg kommunal eigedomsskatt på alt, hytter, hus, næringsbygg - og fastmonterte maskiner i industri- og næringsbygg.Skattesatsen er tre promille av eigedomsverdien, og eigedomsskatten gir kommunen 10-11 millionar kroner i årlege inntekter.Men det kan snart bli meir, sjølv om politikarane held skattesatsen uendra, rett og slett fordi verdien på takseringsobjekt har gått opp. Dessutan er det kome til store investeringar i kommune så seint som i år.Takseringa omfattar mellom anna den nye gondolbana i Loen, ei investering på over 300 millionar kroner. Den er splitter ny og dermed lett å taksere.Held vi vegar, stiar og anna utandørsanlegg utanfor kan vi gjere det enkelt og redusere verdien til 300 millionar kroner. Med tre promille i skattesats gir det ein skatt på 900.000 kroner i året. Det er neppe skilnaden på om gondolbana vi klare seg eller ei, men ein skatt på investeringar er det uansett. Investeringa som gir arbeidsplassar.I og med at det er opp til kvar kommune om den vil ha eigedomsskatt eller ei representerer skatten ei konkurransevridning. Er bedrifta di eller arbeidsplassen din i ei skakkkøyrt kommune med skral økonomi må du berre rekne med å betale meir skatt enn konkurrentar i kommuner utan den kommunale eigedomsskatten.Om eigedomsskatten hadde vore lik i alle kommunar ville den truleg vere lettare å godta også i næringslivet.Men slik er det ikkje. Det er stor skilnad kommunane i mellom. Klikk på lenka i slutten av artikkelen å få oversikta over nivået på eigedomsskatten i Nordfjord og på Sunnmøre.I dag har over halvparten av kommunane innført eigedomsskatt.NETT NO sin spådom er at det enda fleire vil ha innført den omstridde skatten i løpet av få år.Det er fleire grunnar til den vurderinga.Nesten ein kvart milliard kroner dreg kommunane på Sunnmøre og i Nordfjord inn årleg på eigedomsskatt. Det er ei inntekt som er tung å gi slepp på når den først er komen med i rekneskapen. Ålesund åleine dreg inn 100 millionar kroner. Eigedomskatt har og Skodje og Sandøy. Når dei tre går saman med Haram og Ørskog - som ikkje har eigedomsskatt - så avgjer tyngdekrafta utfallet. Ålesund set standarden, resten må harmoniserast som det heiter. Det betyr eigedomsskatt på alt, hus, hytter og næringseigedom i heile den nye storkommunen. Rett nok først frå 2022, men det kjem.Den same vil skje samanslåinga av Nordal (har eigedomsskatt) og Stordal (har ikkje skatten). Nordal er størst og set standarden. Det gjer og Volda i samanslåinga med Hornindal, og dermed kjem eigedomsskatten til Hornindal og.Etter samanslåingsrunden vil 18 av i alt 24 kommunar ha innført eigedomsskatt, så sant ingen av dei som har skatten avviklar den i mellomtida, noko som truleg er lite sannsynleg.Budsjettprosessen i løpet av hausten i år kan og ende med enda fleire kommunar vel eigedomsskatt, om enn kommunestyrerepresentantane skjer tenner medan dei røystar ja. At fleire og fleire innfører eigedomsskatt har ein sjølvforsterkande effekt. Alternativa for den som vil flytte for å sleppe skatten blir stadig færre, og dermed minkar risikoen for at kommunen blir skadelidande om den innfører eigedomsskatten.Sykkylven har rett nok avvikla den kommunale eigedomsskatten i år, etter to og eit halvt år. Det betyr mellom anna eit nei takk til 11,5 millionar i årlege skatteinntekter, eit kutt kommunepolitikarane må avklare korleis skal handterast i løpet av budsjettbehandlinga i år. Sykkylven si avvikling av eigedomsskatten blir høgst sannsynleg ståande som unntaket, ikkje regelen.Trøysta for nervøse næringslivsleiarar i Stryn er at fastsetting av eigedomsskatten ikkje er matematikk, men politikk. Etter at resultatet av taksten ligg på bordet kan politikarane vurdere konsekvensane om dagens skattesats og den nye taksten skal leggast til grunn. Deretter står dei fritt til å utforme eigedomsskatten i Stryn slik at næringslivet blir skjerma, om dei ønskjer det. Dei treng heller ikkje heve skattetrykket, om dei ikkje vil. Aukar dei nye takstane skattegrunnlaget, kan skattesatsen settast ned.Men å tru at eigedomsskatten blir borte? Trenden, i Noreg generelt eller Nordvestlandet spesielt, går ikkje den vegen.
Publisert: 08.10.2017 06:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 21:59