No startar namneskiftet
VANE MED EIGARSKIFTE: Dei tilsette i Kongsberg Maritime på Sunnmøre har vore gjennom eigarskifte før. Her blir Rolls-Royce-skilta skrudd ned etter at Kongsberg Gruppen tok over i 2019. Foto: Ogne Øyehaug
Analyser

Uvisse om eigarskapen til Kongsberg Maritime

Næringsministeren seier staten ikkje har planar om å selje seg ned. Det er liten grunn til legge vekt på svaret.

01.11.2025

At staten er majoritetseigar i ein norsk våpenprodusent er ikkje eit stridsspørsmål. Dei fleste vurdere eit slikt eigarskap som naturleg ut frå omsyn til norsk forsvaresevne, og at det er mykje utanrikspolitikk i kven ein norsk våpenprodusent kan få selje til.

At staten skal vere majoritetseigar i ein maritim utstyr- og teknologileverandør, som først og fremst arbeider inn mot ein sivil marknad, er ikkje like sjølvsagt.

Om framlegget om å dele Kongsberg Gruppen i to blir vedtatt, skal Kongsberg Maritime skiljast ut og børsnoterast som eit eige selskap. 

Dagens eigarar i Kongsberg Gruppen får ein aksje i Kongsberg Maritime for kvar aksje dei eig i Kongsberg Gruppen, slik at eigarfordelinga ved delinga blir heilt lik i dei to selskapa.

Det betyr at staten ved Nærings- og fiskeridepartemenet, blir 50,004 prosent eigar også av Kongsberg Maritime.

Nett No har spurt korleis departementet vurderer eigarskapen på lengre sikt, i det som vil vere to vidt forskjellige selskap. 

Svaret var at vi kunne sitere næringsminister Cecilie Myrseth på dette: 

«Fisjonen vil ikke endre statens eierandel i virksomhetene (50,004 prosent.). Staten har ingen planer om å kjøpe seg opp eller selge seg ned i noen av selskapene».

Noko anna svar kunne Myrseth neppe gitt akkurat no, men det er ei vurdering som kjem til å bli sett under press. 

Grunnen er mellom anna at det er fleire selskap som konkurrerer med Kongsberg Maritime, både innan skipsdesign, maritimt utstyr og -teknologi. 

Om staten skal vere største aksjonær i Kongsberg Maritime, kvifor skal den ikkje også vere det i Brunvoll, Nogva Motorfabrikk, Skipsteknisk og Ulstein-konsernet?

Spørsmålet kan også stillast på ei annan måte: Kvifor skal dei nemde selskapa ha ein norsk konkurrent med staten på eigarsida?

Det spørsmålet kjem Myrseth - og hennar etterfølgjarar truleg til å måtte svare på ein del gangar. 

Det er verdt å minne om at både Framstegspartiet og Høgre tidleg på 2000-talet ville at staten skulle redusere sin eigarandel i Kongsberg Gruppen til 34 prosent. 

Det var då Kongsberg Gruppen først og fremst var rekna som ein våpenprodusent. 

Eit Kongsberg Maritime på eigen kjøl vil vere eit sivilt selskap. Ingen bør vere forundra om at ideen om eit statleg nedsal dukkar opp igjen - i alle fall etter eit framtidig regjeringsskifte. 

Kongsberg Maritime har omlag 1100 tilsette på Nordvestlandet. Som ein del av Kongsberg Gruppen kunne dei rekne med å ha staten som majoritetseigar. 

No er det ikkje slett så sikkert, litt fram i tid.

Publisert: 01.11.2025 05:00

Sist oppdatert: 31.10.2025 16:25