Varige etterverknader av epidemien
PRESSEKONFERANSE ETTER PRESSEKONFERANSE:  Statsminister Erna Solberg og finansminister Jan Tore Sanner på ein av pressekonferansane om koronaepidemien denne veka.
Analyser

Varige etterverknader av epidemien

Korona-epidemien vil sette varige spor.

15.03.2020

ANALYSE


Når epidemien har gått over - slik epidemiar gjer - blir det sjølvsagt vurdering og debatt om styresmaktene si handtering av epidemien. Var responsen kjapp og sterk nok? Var tiltaka for å dempe skadeverknaden for økonomien omfattande nok?
I tillegg vil epidemien og føre til revurderingar av korleis både helsevesen og næringsliv er organisert.
Ein lærdom som truleg kan trekkast alt no er at beredskapen på utstyrssida for å handterer slike epidemiar er for dårleg. Helsevesenet kan mobilisere studentar, pensjonistar og omplassere folk i administrative stillingar og politet kan kalle inn heimevernet. Men ekstra respiratorar, medisin, test- og smittervernutstyr kan ikkje skaffast på like kort varsel. Når epidemien er verdsomfattande slik som no er det risikabelt å basere seg på at det meste av utstyr og medisin kan importerast. Det må enten kjøpast inn og leggast på lager i større mengder, eller det må vere norske bedrifter som kan lage utstyret og forsyne helsevesenet når etterspørselen stig.
Bedrifter som baserer seg på underleveransar frå utlandet kjem heilt sikkert til å gjere ei ny vurdering for å sikre at forsyningane kjem når dei skal. Det endar neppe med full heimflytting av all produksjon, men er det lurt å basere seg berre på ein underleverandør, eller bør det vere fleire leverandørar av same produkt? Og bør underleverandørane vere spreidd på fleire land og verdsdelar?
Produksjon ute har og ein valutarisiko ved seg har fått smake på. Frislidplagga blir produsert i Baltikum og betalt med euro når dei blir importert til Noreg. Koronaeffekten har slått inn også i valutamarknaden og auka kostnadane så mykje at Frislid i beste fall får eit resultat i balanse i år, om dagens valutakurs blir ståande.
På kort sikt er det begrensingar av skadeverknader som gjeld. Målet er å unngå skadeverknadar i økonomien som kostar meir på lang sikt enn det kostar å begrense dei på kort sikt.
Statistisk Sentralbyrå avlyste denne veka publisering av byrået sin ferskaste økonomiske prognose. Verknadane av koronaepidemien er så uviss at slike prognosar er utdatert i det dei blir presentert.
Norges Bank, som kom med resultatet av si kvartalsvise spørjeundersøkjing tysdag 10. mars, måtte gjennomføre ei ekstra spørjerunde for å prøve å fange opp koroaneffekten. Svaret var klart, korona hadde gjort næringslivet meir pessimistisk - og det var før regjeringa torsdag 12. mars stengte store deler av samfunnet. Laurdag 14. mars, direkte på Dagsrevyen stramma regjeringa ytterlegare inn og stengde hamner og flyplassar og skjerpa grenskontrollen. No skal ingen utlendingar sleppe inn. (I same Dagsrevy-sending var også Ålesund kommunes ).


I kultur- og underhaldningsbransjen gjekk lyset nesten over natta, i restaurantbransjen er det stenging eller drift på eit lite sparebluss - med full stenging som eit sannsynleg utfall i løpet av kort tid.


Dette er bransjar som nett no er i starten av høgsesongen sin, den tida på året då pengane blir tente og overskot sikra, akkurat som for reiselivsbransjen generelt. Det som for berre veker og dagar sidan teikna til å bli eit godt år, kan ende med mange konkursar.
Men skadeverknadane av koronaepidemien og tiltaka mot den, kjem ikke til å avgrense seg til kultur- underhaldnings- og reiselivsbransjen: Alle blir råka etterkvart som fleire og fleire land legg strenge begrensingar på aktiviteten i samfunnet.
Bransje- og arbeidsgivarorganisasjonen Virke, som organiserer bedriftene i handels- og tjenestenæring, har spurt medlemane om kva dei trur blir resultatet at koronaepeidemien. Det handler om bedrifter i bransjar som står for 405.000 arbeidsplasser, der bedriftene trur dei blir «sterkt berørt» av viruset
Analyseselskapet Rystad Energy anslår at oljeetterspørselen vil falle med ein halv million fat om dagen på grunn av koronaepidemien i år, med fallet konsentrert til 2. og 3. kvartal. Færre fly i lufta og mindre trafikk på vegane gjer at det trengst mindre olje. Før koronaeffekten kom var spådommen ein auke i oljeforbruket på ein million fat om dagen i år.

For Nordvestlandet, med ein stor flåte av offshoreskip og ei klynge av bedrifter rundt dei, er dette dårleg nytt etter fleire år med krise og overkapasitet.
Små teikn til betring har kome, , men fallande oljeetterspørsel, på toppen av børs- og valutauro er det stikk motsette av kva som skal til for å kome ut av den langvarige nedturen.
Regjeringa kom med , ei redningspakke talfesta til 6,5 milliardar kroner, som mellom anna innebar at staten tek storparten av rekninga når bedrifter kuttar kostnadar og permitterer folk.
Det er heilt sikkert ikkje nok, og regjeringa varsla alt på pressekonferansen at meir er på veg.
Dei fleste taper, men ikkje alle.
Videonor i Måløy levere system for bedrifter og personar som snakke saman i videokonferansar i staden for å møtes fysisk. Pågangen av nye kundar er opptil ti gangar større no enn før epidemien kom.

Dette er og eit døme på ei endring som bli varig fordi ein del av dei nye videokonferansebrukarane no får augene opp for at dei kan klare seg med færre flyreiser, også etter at epidemien er over.

Publisert: 15.03.2020 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 21:59