ANALYSE:
Denne veka gjekk Frp-nestleiar Terje Søviknes ut i eit intervju i E24 og sådde tvil om det er råd å få til eit breitt forlik om skattepolitikken, slik finansminister Jens Stoltenberg både i vår og etter valet har tatt til orde for.
Hovudspørsmåelt er om det i det heile er råd å få til eit forlik, med tre parti som vil auke skattane og Høgre og Frp som vil senke skattane, ifølgje Søviknes.
Stoltenberg argumenterer med at skattesystemet trengst å endrast på med jamne mellomrom, men at endringane bør gjerast med eit breitt fleirtal bak seg. Det skaper ein stabilitet som mellom anna gjer at næringslivet kan invester utan å risikere at rammevilkåra endrar seg ved kvart stortingsval.
Han lanserte ideen om ein skattekommisjon i vår, men vart nokså kontakt avvist frå Frp og litt mindre kontant frå Høgre, som såg på utspelet som ei forsøk på å ta lufta ut av skattedebatten i valkampen.
Etter valet har Stoltenberg invitert til eit forlik på ny. Han vil starte med ein kommisjon, fortalde han debattprogammet Politisk kvarter på NRK fredag 26. september. Der sa han mellom anna at mykje av grunnlaget for ein slik kommisjon sine vurderingar allereie er på plass, slik at det er råd å kome raskt i mål med eit forlik.
Skal han få det som han vil må det vere politisk vilje frå fleire partar, og det er det slett ikkje sikkert det er.
Skal eit forlik ha nokon verdi må regjeringa snu seg mot opposisjonen til høgre for seg. Eit forlik med støttepartia SV, Sp, Raudt og MDG har ikkje mykje for seg. Grunnen er at det ikkje forpliktar Frp, Høgre, Venstre og Krf til å la vere å endre på skatten om dei skulle vinne regjeringsmakta ein gang. Då får ikkje Stoltenberg den roa om skattepolitikken han vil ha.
Om Stoltenberg vender seg til høgresida er det likevel ikkje sikkert han får alle med frå den kanten.
Det er Framstegspartiet som truleg blir nøkkelen. Det er det neste største partiet på Stortinget, men nesten dobbelt så mange representantar som veslesøstra, Høgre. Men fordi Høgre gjorde eit elendig val vart det ikkje noko regjeringskifte, og valsuksessen gav heller ikkje Frp ein vippeposisjon. Dermed risikerer 47 stortingsrepresentar frå Frp å sitte som nokså makteslause tilskodarar til styringa av landet i fire år framover.
Kvifor skal dei då gå med på å gi frå seg eit potensielt trumfkort i kampen om merksemd og gunst hos veljarane - sin eigen skattepolitikk?
Det skal truleg litt til.
Då blir spørsmålet kor langt Stoltenberg vil strekke seg.
Utan Frp risikerer han at skatt blir tema også i valkampen om fire år. Med Frp risikerer han at Ap legg seg grundig ut med SV, MDG og Raudt.
Det er også eit spørsmål om kor langt Høgre - med ny leiar - vil strekke seg om Frp ikkje er med.
Saman med Kristeleg Folkeparti, Venstre og Senterpartiet utgjer Høgre eit fleirtal på Stortinget saman med Arbeidarpartiet. Det er ei gruppering som kan tenkast å einast om eit forlik.
Men sjølv om Høgre meiner innhaldet i eit eventuelt forlik er godt vil truleg også Hløgre vurdere om prisen ved å inngå eit forlik utan Frp kan bli for høg - fordi det gir veljarane eit alternativ til Høgre i skattepolitikken.
Publisert: 28.09.2025 05:00
Sist oppdatert: 27.09.2025 19:13






