Annonsørinnhold
Velkomen til nytt tilbod fraa NETT NO
Brand stories

Velkomen til nytt tilbod frå NETT NO

NETT NO lanserer i dag eit nytt tilbod til våre annonsørar, som vil profilere sin fagkunnskap ved å gå djupt inn i relevante tema på sine felt.

19.04.2016
Poenget med det nye tilbodet er å gi annonsørar ein ny arena å spele på, der annonsørane kan profilere seg på ein meir omfattande måte enn gjennom tradisjonell reklame. Målet er at kundane skal oppleve enno større effekt med ei løysing der ein kan nytte fagkunnskap som óg er relevant for NETT NO sine lesarar.
Vi ønskjer annonsørar som ser verdien av å vise sin kompetanse overfor næringslivet på Sunnmøre og i Nordfjord, og som ønskjer å bygge eit arkiv av gode artiklar. Desse artiklane vert fronta på framsida av NETT NO, samt i innlegg på Facebook, Linkedin og Twitter. Slik vil vi saman med annonsørane skape eit produkt som engasjerer gjennom godt og nyttig innhald.

Vi vil gi lesarane våre godt innhald, også på annonsesida.


Det er annonsørane sjølve som utabeider teksten, i samarbeid med vår marknadsavdeling. Ta gjerne kontakt med marknadssjef Magnus Myklebust på telefon 95 24 72 09, eller send e-post til eller .
NETT NO er opptatt av eit klart skilje mellom betalt innhald og redaksjonelle artiklar, og all innhaldsmarknadsføring er tydeleg merka.

Publisert: 19.04.2016 11:52

Sist oppdatert: 11.02.2021 08:56