Nett no gjengen
NETT NO-STABEN: Frå venstre Magnus Myklebust, Marius Rosbach, Eirik Staurset, Olav Sindre Kriken, Ogne Øyehaug og Kjetil Haanes.
Nytt

Ti år med NETT NO

– Det kjem aldri til å gå bra, maks to år før dei må gi seg, sa ein mediesjef. Han tok grundig feil.

21.04.2023

Etter snart ti år er NETT NO høgst oppegåande, men det var absolutt ei dristig satsing då eg saman med Ogne Øyehaug forlet andre sikre jobbar og bestemte oss for å starte opp NETT NO hausten 2013.

– Ingen kan klare dette utan å vere ein del av eit konsern, eller ha eit stort lass med pengar. Tenk på alle støttefunksjonane som trengst for å starte opp eit nytt medium frå starten av, vart det sagt.

Vi ville ikkje vere ein del av eit konsern, men tvert imot utfordre konserna som i region etter region gjer massive oppkjøp av lokalaviser og i tillegg driv med stoffsamarbeid, noko som etter vårt syn vil verte ei utfordring for mediemangfaldet. Og vi hadde slett ikkje eit stort lass med pengar, men vi fekk viktig oppstartstøtte både med Sparebanken Møre og Herøy kommune, det siste ettersom vi i starten valde å ha hovudkontor i Fosnavåg.

Ingen kan klare dette utan å vere ein del av eit konsern, eller ha eit stort lass med pengar
Medieleiar

Ogne Øyehaug kom frå Bergens Tidende, men hadde mangeårig bakgrunn frå Dagens Næringsliv. Eg sjølv hadde mangeårig bakgrunn frå Sunnmørsposten, men hadde også jobba med medieutviklingsprosjekt for fleire internasjonale organisasjonar. Fort innsåg vi at vi trengde kompetanse på marknad, og var så heldige å få med oss Olav Sindre Kriken, som blant anna hadde bakgrunn frå marknadsarbeid i Polaris-systemet.

Øyehaug og Kriken bur i Ørsta, medan eg bur i Gjerdsvika. Vi hadde dermed ei sterk søre-tilknytning, men fort kom Eirik Staurset frå Ålesund til, slik at vi var betre geografisk spreidde. Staurset har blant anna brei erfaring innan digital marknadsføring og systemutvikling, og er no dagleg leiar i eigarselskapet Bakkar og Berg Media AS.

NETT NO magasinet
NETT NO-MAGASINET: 11 utgåver er det blitt så langt av NETT NO-magasinet. Vi er allereie godt i gang med planlegginga, og kan love eit nytt lesverdig magasin.

Vi lukkast også gjennom venskap og gode kontaktar å få tak i nettopp det domenet vi ville ha – nett.no – og planen var å starte eit kvalitetsprodukt med særleg fokus på næringslivet på Nordvestlandet. Sjølv om ein her hadde eit næringsliv som var av dei nasjonalt leiande innanfor område som offshore, verft, maritim utstyrsindustri, møbel og fiske, var det etter vårt syn dårleg journalistisk dekt.

Dagens Næringsliv, Finansavisen, Aftenposten, VG og Dagbladet hadde ikkje eigne fast tilsette her lenger, lokalavisene skreiv om ‘sine’ bedrifter og i Sunnmørsposten var næringslivsjournalistikk på den tida lavt prioritert. Det siste har etter kvart betra seg, truleg mest fordi avisa har fått konkurranse, men der avisa stadig meir også nyttar seg av aktuelt stoff frå dei mange lokalavisene ein har kjøpt opp i regionen.

Uansett meinte vi i 2013 at det måtte finnast ei opning for eit nytt produkt som dagleg tok pulsen på næringslivet på Nordvestlandet, i tillegg skreiv analyser og følgde godt med i trendar, både nasjonalt og internasjonalt.

«World class business needs world class journalism», var vårt ambisiøse slagord.

I tillegg til å følgje tett dei store bedriftslokomotiva, var målsettinga å løfte fram mange av dei små og mellomstore bedriftene, dei som normalt ikkje sender pressemeldingar, men som både har spennande produkt og er viktige i sine lokalsamfunn. Dette meiner vi at vi har lukkast bra med.

Men samstundes skulle vi ha fokus på rammevilkår og om verda rundt, for god næringslivsjournalistikk handlar ikkje berre om produksjonshallar og pengar. Det handlar også om korvidt det bur folk ein stad, om det finst skular, kulturhus og idrettsaktivitetar, om samferdsle, om tilflytting, utflytting, skattepolitikk og mykje anna.

World class business needs world class journalism
NETT NO

Trass i at mange åtvara, valde vi å starte med betaling for nettabonnement frå første dag, og var av dei aller første reine nettbaserte norske avisene som gjorde dette. Men for å få opp ei kundemasse heilt i starten, fekk alle ein månad gratis tilgang til NETT NO. Deretter måtte ein betale 99 kroner månaden, ein sum som no er auka til 169 kroner, med andre ord vel fem kroner dagen, og litt under fem kroner om ein teiknar årsabonnement.

Og det starta bra. Vi passerte fort 500 abonnentar, og vart litt overraska over kvar mange kom frå. Det viste seg nemleg at mange budde i Oslo, og der fleire sa at NETT NO var beste måten å følgje med næringslivet på Nordvestlandet på. Dette var inspirerande. I dag har vi framleis mange abonnentar i Oslo, i tillegg til Ålesund, men NETT NO vert lest over heile verda ettersom mange av abonnentane ofte er på reisefot.

I starten satsa vi ikkje så mykje på annonsering. Vi tenkte at dei som betalar for redaksjonelt innhald på nett skal sleppe å verte ‘forstyrra’ av mange annonser. Men etter to-tre år måtte vi endre strategi. Vi var blakk, var nær ved å gi opp og vart berga av at Per Sævik og Havila Holding gjekk inn på eigarsida med ein aksjepost på 33,4 prosent, og samstundes tilførde selskapet frisk kapital. Dette var patriotkapital ettersom Sævik såg behovet for eit alternativt media til dei som alt fanst. Vi fire gründerane eig framleis resten av aksjane.

Vi satsa samstundes friskt på annonsering, blant anna content marketing, men primært annonser med innhald som er relevante for våre lesarar, og tilsette i 2015 Magnus Myklebust som marknadssjef, gursking - no herøyværing - med ei imponerande fotballkarriære bak seg. I tillegg har vi hatt inne fleire journalistar på deltid, som Ivar Longvastøl, Kristin Vidhammer og Jann Flatval. Og i sommar skal Linn Antonie Vårdal Solheim, opphaveleg frå Volda, jobbe for oss.

I 2019 utvida vi var faste stab med Marius Rosbach. Han er drammensar busett på Flø, og har blant anna bakgrunn frå Sunnmørsposten. Dermed er vi no tre faste og rutinerte journalistar som dagleg produserer rundt ti hovudsaker, i tillegg til å lage kortnytt og gjer analyser rundt aktuelle tema til helga. Og vi har Synspunkt, Ny jobb, Børsdagen, Podium og planar om fleire nye tenester. Vi er også godt synlege på sosiale medier, og har blant anna over 8.800 følgjarar på Stilling ledig Sunnmøre.

Marius Rosbach og Petter Stordalen
FØRSTE TILSETTE: Marius Rosbach vart første journalist som blei tilsett i NETT NO i 2019. Her intervjuar han Petter Stordalen på Kleven-verftet. Foto: Privat

Framleis er fokuset på Nordvestlandet, men i tillegg til Sunnmøre og Nordfjord, har vi gradvis starta å dekke tettare Molde og Rauma, og dermed knyter vi band både over Romsdalsfjorden og Nordfjorden.

Og vårt faste magasin er svært populært, endåtil samleobjekt for enkelte, og kjem på nytt i månadsskiftet oktober/november. Vi er allereie godt i gang med planlegginga, og kan love eit nytt lesverdig magasin.

Siste jul tikka det også inn pressestøttepengar etter ein langvarig kamp mot Medietilsynet og forskarar ved Høgskulen i Volda, som lenge meinte vi ikkje hadde rett på støtte. At medieforskarar midt i vårt eige nærmiljø skulle vere så negative til NETT NO var lenge tungt å fordøye, men Medieklagenemnda fastslo til slutt at det ikkje var forskriftsmessig dekning for avslaga i 2020 og 2021, slik at tilsynet til slutt ikkje hadde anna val enn å oversjå tilrådingane frå forskarane og dele ut støtte til oss. Det har dei også gjort for 2022, noko som gjer at vi no er gjeldfrie og i tillegg har økonomiske musklar til å satse vidare.

Det er dermed snakk om ein frisk og offensiv tiårsjubilant. Det sig på med nye abonnentar, og vi har også utvikla vårt eige redaksjonelle system, eit strålande system som vi håper andre også etter kvart vil vere interesserte i å ta i bruk. Berre ta kontakt!

Men målet er å utvikle oss vidare, vi skal vere nyskapande og vi set stor pris på alle som gir oss tips om saker eller emne vi bør dekke, eller kjem med konstruktiv kritikk om korleis vi skal verte endå betre.

Uansett er det i jubileumsåret stor grunn til å takke alle som trudde på oss, og som har heia på oss i desse snart ti åra, og som har bidrege til at vi ikkje har gitt opp når det har sett mørkt ut, slik at medieleiaren som gav oss maks to år ikkje fekk rett.

NETT NO er kome for å bli. Takk!

Publisert: 21.04.2023 11:44

Sist oppdatert: 21.04.2023 21:08

Mer om