Ein romsleg bubil betyr ikkje at du kan pakke med deg kor mykje du vil på ferien. Bilen har ei totalt tillate maksvekt som gjeld når bilen er fullpakka, skriv NAF i ei pressemelding
-Mange skal feriere med bubil for fyrste gong i sommar, og då er det lurt å setje seg inn i korleis reglane er, seier kommunikasjonsrådgjevar i NAF, Nils Sødal.
Blir du stoppa, kan du ikkje køyre vidare før du har kvitta deg med overlasta. Det blir ikkje gitt gebyr dersom du har mindre enn 500 kilo overlast.
I tillegg til overlast er det viktig å sørgje for god sikt, gode dekk og riktig sikring av lasta før ein køyrer av garde på ferie.
Publisert: 12.07.2021 10:48
Sist oppdatert: 12.07.2021 11:43