NPK-NTB: I fjor betalte Nav ut 430 milliardar kroner til personar busette i Noreg. Nesten halvparten av befolkninga fekk ei yting frå Nav minst éin gong i året.
Alderspensjon utgjer halvparten av Nav-utbetalingane. Utbetalingane til alderspensjon auka med 5 prosent frå 2017, medan uføretrygd auka med 6 prosent. Kontantstøtteutbetalingane auka med 3 prosent.
Utbetalingar til dagpengar vart derimot redusert med 21 prosent i fjor og arbeidsavklaringspengar er redusert med 5 prosent samanlikna med 2017.
I gjennomsnitt fekk kvar innbyggjar i Noreg 81.200 kroner frå Nav i 2018. Det er omtrent 1.000 kroner meir enn året før.
976.000 personar fekk totalt 217 milliardar kroner i alderspensjon.
Det vart utbetalt 14,6 milliardar kroner til 721.000 mottakarar av barnetrygd, og 495.000 nordmenn fekk totalt 39,3 milliardar kroner i sjukepengar.
– Kvar tredje person i arbeidsfør alder i Noreg fekk ei yting til livsopphald frå Nav på eit eller anna tidspunkt i 2018. Vi er privilegerte som lever i eit land der fellesskapet kan hjelpe einskildmenneske som har behov for hjelp, men det er liten tvil om at vi må få fleire i arbeid i åra som kjem for å kunne halde oppe velferdsnivået, seier Vågeng.
Alderspensjon utgjer halvparten av Nav-utbetalingane. Utbetalingane til alderspensjon auka med 5 prosent frå 2017, medan uføretrygd auka med 6 prosent. Kontantstøtteutbetalingane auka med 3 prosent.
Utbetalingar til dagpengar vart derimot redusert med 21 prosent i fjor og arbeidsavklaringspengar er redusert med 5 prosent samanlikna med 2017.
Urovekkjande auke
– Nav forvaltar enorme summar på vegner av fellesskapet, og denne statistikken gir eit overordna bilde av utviklinga på områda våre. Han viser at arbeidsmarknaden er i betring, men at vi samtidig har ei aldring i befolkninga og ein urovekkjande auke av uføretrygd, seier arbeids- og velferdsdirektør Sigrun Vågeng.I gjennomsnitt fekk kvar innbyggjar i Noreg 81.200 kroner frå Nav i 2018. Det er omtrent 1.000 kroner meir enn året før.
976.000 personar fekk totalt 217 milliardar kroner i alderspensjon.
Det vart utbetalt 14,6 milliardar kroner til 721.000 mottakarar av barnetrygd, og 495.000 nordmenn fekk totalt 39,3 milliardar kroner i sjukepengar.
Fleire i arbeid
Utbetalingar til uføretrygd og yrkesskade utgjorde 86,3 milliardar kroner til 369.500 personar.– Kvar tredje person i arbeidsfør alder i Noreg fekk ei yting til livsopphald frå Nav på eit eller anna tidspunkt i 2018. Vi er privilegerte som lever i eit land der fellesskapet kan hjelpe einskildmenneske som har behov for hjelp, men det er liten tvil om at vi må få fleire i arbeid i åra som kjem for å kunne halde oppe velferdsnivået, seier Vågeng.
Publisert: 09.04.2019 11:18
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:35





