Kort fortalt

1,2 milliardar på ferjefri veg

Vegvesenet har så langt brukt 1,2 milliardar på ferjefri E39.

25.06.2018
NPK: Ferske tal som partiet SV har fått frå Stortingets utgreiingskontor syner at Statens vegvesen har brukt 1242,8 millionar kroner på å planleggje fjordkryssingane på E39.
No må nokon rope varsku, meiner Arne Nævra, transportpolitisk talsperson i partiet.
– Det er så feil bruk av midlar, synest vi. Når vi har brukt over 1,2 milliardar berre på å planleggje desse fjordkryssingane, så meiner eg at nokon må rope eit varsku. Ikkje minst bør regjeringspartia få kalde føter no, seier Nævra til
Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen er usamd i at ein har brukt for mykje pengar
– Det er utgifter som vi har brukt over åtte år, og gjeld åtte fjordkrysningar. Så per fjordkrysning er pengebruken veldig liten, seier han til statskanalen.

Publisert: 25.06.2018 15:12

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:38