NPK-NTB: Det er venta at leigeinntektene til Airbnb-utleigarar i Noreg ender på 2,4 milliardar kroner i år, noko som er ein auke på 50 prosent frå i fjor, viser ein analyse.
Analysen Menon Economics har utarbeidd for NHO Reiseliv, viser at veksten i leigeinntekter frå Airbnb-utleige i Noreg er stor, skriv Dagens Næringsliv.
Samla inntekter frå Airbnb-utleige i Noreg var i fjor på 1,6 milliardar kroner. Inntektene blir venta å auke med 50 prosent til 2,4 milliardar kroner i år, ifølgje analysen.
Analyseselskapet Capia har berekna at Airbnb-utleigarane skal betale til saman 360 millionar i skatt i år.
I Danmark, der Airbnb-kapasiteten er større ei heile hotellnæringa, får Airbnb rapporteringsplikt for alle inntekter kvar utleier tek imot. Her til lands har regjeringa foreslått det same frå 1. januar 2020.
– Den gode nyheita i denne analysen er jo at turismen til Noreg er mykje større enn vi har trudd til no. Den dårlege er at ein aktør som svarar til halve hotellbransjen ikkje bidreg med skatteinntekter, seier direktør for NHO Reiseliv, Kristin Krohn Devold, som meiner rapporteringssystemet må innførast så raskt som mogleg.

Publisert: 04.12.2018 13:22
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:36