Kort fortalt

100 millionar til nytt skuleskip

Skal brukast av Måløy vg skule.

05.12.2018
NPK: Fylkestinget i Sogn og Fjordane har vedteke at det neste år skal setjast av 100 millionar kroner til nytt opplæringsfartøy for Måløy vidaregåande skule og Fagskulen i Sogn og Fjordane.
Det fortel . Bakgrunnen er at skuleskipet ein har i dag er over 40 år og krev store investeringar for vidare drift.
Maritime Engineering har teikna forslag til eit nytt opplæringsfartøy. Fartøyet inneheld mellom anna undervisningsrom og lugarar for tolv elevar og lærarar, utrusting og sertifisering for havfiske, laboratorium og utstyr for akvakulturopplæring, fortel avisa.

Publisert: 05.12.2018 16:35

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:36