Kort fortalt

123 smitta i utbrot i Ørsta/Volda

Vurderer tiltak måndag.

Marius Rosbach
02.08.2021

Til saman 123 personar var i helga registrert med koronasmitte som følgje av det siste utbrotet i Ørsta og Volda kommunar.

Søndag blei det registrert ti nye smitta og kommunane følgjer situasjonen nøye.

Måndag klokka ni vert det eit nytt status møte der det blir teke stilling til om det er behov for å endra råda som gjeld og om det er behov for ytterlegare tiltak, ifølgje ei melding frå kommunane.

Publisert: 02.08.2021 08:37

Sist oppdatert: 02.08.2021 08:38

Mer om