1232 smitta i Ålesund
Ei tredobling på ei veke.
Det er totalt 1 232 bekrefta smittetilfelle for veke 4. Det er meir enn ei tredobling sidan førre rapporteringsperiode, då det var 357 tilfelle.
Det opplyser kommunen i ei pressemelding mpndag.
Her er oversikta:
Smittetilfelle fordelt på aldersgrupper:
- 0 - 5 år: 106 personer
- 6 - 12 år: 293 personer
- 13 - 19 år: 233 personer
- 20 - 40 år: 360 personer
- 41 - 64 år: 218 personer
- 65+ år: 22 personer
Smittetilfelle fordelt på vaksinasjonsstatus vil ikkje bli oppgitt denne veka på grunn av mangelfulle data. Det er begrensa informasjon om vaksinasjonsstatus som følge av endra rapporteringspraksis med auka smitte. Ein har no så lite data at dei ikkje er statistisk relevante.
- Helse- og omsorgsinstitusjonar:
Kun spredte tilfeller, ingen større utbrudd. - Skolar og barnehagar:
- Det er opning for differensiert nivåfastsetjing innover i kommunen (jfr trafikklysmodellen). Nivåfastsetjing blir vurdert ved kvar enkelt skule, u.v institusjon og barnehagar fortløpande.
Det føregår spesifikk testing i klassar som innanfor siste 7 dagar har smittetilfeller over eit definert terskelnivå på 20% av klassetalet.
Skarbøvik ungdomsskole går fra i morgon over til gult nivå.- Spesifikk jamleg testing føregår i følgjande skular og barnehagar:
- Brattvåg barnehage
- Brattvåg barneskole
- Fagerlia barnehage
- Flisnes barneskole
- Hatlane barneskole
- Hessa skole
- Lerstad barneskole
- Midtbyen barnehage
- Skarbøvik ungdomsskole
- Spjelkavik barneskole
- Spjelkavik ungdomsskole
- Tennfjord skule
- Ørskog skule
- Ålesund Folkehøyskole
- Åse skole
89,8 % av alle over 16 år bosatt i Ålesund kommune har fått 2. dose.
46 % av innbyggarane har fått 3. dose. Disse har fått tredje dose som oppfriskningsdose:
- 63,7 % av alle i aldersgruppen 45 - 54 år
- 77,2 % av alle i aldersgruppen 55 - 64 år
- 95,0 % av alle i aldersgruppen 65 - 74 år
- 95,0 % av alle i aldersgruppen 75 - 84 år
- 87,2 % av alle i aldersgruppen over 85 år
- Helsepersonell, blant anna tilknytta legevakt, sjukeheim og legekontor
- Det er registrert meir enn ei tredobling av smitten (3,5 gangar auke) i Ålesund frå utgangen av veke 3 til utgangen av veke 4. Smittetrenden er kraftig stigande. (Smittetalla frå kommunen er ein sum av dei positive resultata frå PCR-testar og innrapporterte hurtigtestar. Dei tilfella som er dobbelmeldte er trekt frå. Tala kan derfor avvika frå VG-rapporteringa si, då dette berre er innmelde PCR-tilfelle).
- Smittetrykket per 100 000 siste 14 dagar er i Ålesund 1 893, mot nasjonalt 4 687. Smitteøkninga er større i Ålesund enn nasjonalt.
- Skarbøvik ungdomsskole er den einaste skolen som no blir regulert opp til gult nivå. Resten av skolar, undervisningsinstitusjonar og barnehagar er på grønt nivå.
- Det er framleis ei målsetjing å flata ut smittebølga for ikkje å få for stort fråvær i helsetenester og andre samfunnskritiske tenester. Tiltak for å bremse smitte blir vurdert etter effekt, belastning og kor negativ effekt dei har mot målet om å halde yrkesaktive på jobb. Nasjonale myndigheiter har varsla tiltaksendringar inneverande veke.
- Det er stor smittespreiing hos barn og unge i barnehage og skulealder. Det blir vurdert som svært samfunnsnyttig å overvake og kontrollera smittenivåa i desse aldersgruppene, då det kan bremse smittespreiing til yrkesaktiv befolkning i noke grad.
- Testkapasiteten ved teststasjonen blir fortløpande justert etter behov. Har du 3. dose eller gjennomgått covid siste tre månader etter fullvaksinering (2 dosar), kan du melda sjølvtest direkte utan å ta oppfølgande PCR.
- Det har vært forsinka levering av hurtigtestar til alle kommunar. Når vi har knapt lager vil vi måtte endre på prioriteringane på kven som skal få.
- Det blir forventa at dei aller fleste vil bli smitta av coronaviruset dei neste vekene og månadene. Vi oppfordrar deg som ikkje er vaksinert endå til å gjere det for di eiga helse si skuld. Vi har god kapasitet til å vaksinere.
- Smittesporinga kanaliserer no ressursane sine til oppfølging av større utbrot, smitta i skolar, barnehagar og institusjonar. Det blir ikkje lengre telefonoppfølging av den enkelte smitta,ein mottar orientering per sms.
- Ålesund sjukehus har saman med Molde sjukehus ein regional funksjon for behandling av personar med covid-19. Ein pasient er no innlagt med covid 19 (per 30.01.22). Oppdatert informasjon finn du på nettsiden til helseforetaket. Vårt lokale helseforetak er i grønn beredskap, og har vært det sidan byrjinga av januar 2022.
Publisert: 31.01.2022 12:52
Sist oppdatert: 31.01.2022 12:53