13.000 utan jobb etter konkursar
Talet på konkursar har auka kvar månad i 2022, med unnatak av april. I oktober var auken på 16,3 prosent samanlikna med same månad i fjor. Hittil i år har 13.664 personar mista jobben som følgje av at arbeidsplassen har gått konkurs eller vorte tvangsavvikla. Det viser dei siste konkurstala frå data – og analyseselskapet Dun & Bradstreet.
– Sjølv om auken i konkursar i oktober ikkje var dramatisk, er trenden tydeleg over tid: Det er fleire bedrifter som ikkje klarer dei auka kostnadene, spesielt på straum, seier analytikar Brit Elise Melhus i Dun & Bradstreet.
Ho trur talet vil auke ytterlegare utover vinteren og at fleire vil miste jobben, ettersom fleire større bedrifter går over ende no.
Hittil i år har det gått verst utover bransjen jordbruk, skog og fiske. Etter 10 månader har det vore ein konkursauke på 59,3 prosent i bransjen. Tala for bransjen i oktober viser ein auke på 125 prosent, men med små tal med berre 9 konkursar.
Same månad hadde bransjen engros og agentur den største auken i konkursar, med 127,3 prosent. Hotell og restaurantbransjen hadde ein auke på 46,4 prosent, medan detaljhandelen hadde ein konkursauke på 44,8 prosent. Bransjen tenesteyting hadde ein auke på 38 prosent.
Den store bygg- og anleggsbransjen har flest konkursar i tal, men likevel ein nedgang på 8,2 prosent i konkursar for oktober.
Publisert: 02.11.2022 15:35
Sist oppdatert: 02.11.2022 15:38