Fylkesmannen i Møre og Romsdal har pålagt 13 verft å lage ein tiltaksplan for å sanere sterkt forureina sjøbotn, men alle har klaga, skriv .
Verfta er dei som er prioriterte etter kartlegging av eigedomane og sjøbotnen, men fleire fryktar det blir dyrt – og er ikkje samde om kven som har ansvaret.
– Det er vanskeleg å finne ut kven som har ansvaret for sediment når vi er mange aktørar i same område. På Søviknes er det til dømes fem ulike aktørar forureininga kan stamme frå. I Tomrefjord er det åtte, seier kvalitetsdirektør Oddbjørn Hjelle i Vard til avisa om kvifor dei har klaga.
Det er Miljødirektoratet som behandlar klagene.

Publisert: 09.10.2019 08:55
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:32