Kort fortalt

15 nye smitta i Ålesund

14 av dei smitta var i karantene.

25.05.2021

Ålesund kommune har tysdag 25. mai fått meldt 13 nye smittetilfelle, i tillegg til dei to som var meldt tidlegare i dag. Det er altså stadfesta 15 smittetilfelle i dag. 14 av desse var i karantene, opplyser kommunen i ei pressemelding.

Status er følgjande:

To personar som testa positivt på hurtigtest i går, vart i kveld stadfesta smitta. Ein tredje person i same familie har også fått påvist smitte.

To personar som er karantenesett i samband med smitte ved Jugendteateret, Ålesund kulturskole, har fått påvist smitte med koronavirus. Dette gjer at to 7. klassar ved Flisnes skole kjem i karantene.

Eit barn som var i karantene ved Ebbegarden barnhage har fått påvist smitte.

Seks nære familiemedlemmar til tidlegare meldt smitta har fått påvist koronavirus. Alle var i karantene og er overført til isolasjon.

Ein person har testa positivt på grunn av symptom og er overført til isolasjon. Smittevegen er så langt ukjend.

- Mange er testa og vi opplever igjen høge smittetal. Nesten alle har vore i karantene og fleire er i nær familie med tidlegare smitta. Det er også påvist smitte hos deltakarar ved Jugendteateret, Ålesund kulturskole. Svært mange i denne gruppa er karantenesett på grunn av mogleg smitte, seier kommuneoverlege Olav Mestad.

Dei neste dagane vil avgjere om Ålesund kommune klarer å få kontroll på desse utbrota som er relatert til sosial aktivitet i samband med 17. mai helga:

- Dersom vi skal kunne opne opp igjen samfunnet og aktiviteten lokalt i Ålesund, er det heilt nødvendig at alle følgjer smittevernreglane og avgrensar sosial aktivitet. Møt kvarandre ute med avstand. Ved luftvegssymptom og feber må ein bli heime og bestille ein koronatest, seier Mestad.

Publisert: 25.05.2021 23:26

Sist oppdatert: 25.05.2021 23:29

Mer om