NPK-NTB: Kanskje vil så få som ti kommunar vere på den såkalla Robek-lista ved utgangen av året.
I dag tel 16 kommunar som blir overvakte for såkalla økonomisk ubalanse. Det er Kommunal- og moderniseringsdepartementet som anslår at talet på kommunar vil gå ned til ti.
Halden, Nedre Eiker, Svelvik, Austrheim, Bremanger, Ålesund, Sande, Stranda, Giske, Midsund, Saltdal, Hamarøy, Tysfjord, Ballangen, Moskenes og Torsken er for augneblinken på overvakingslista.
Desse kommunane må ha løyve frå Kommunaldepartementet før dei kan låne pengar eller inngå langsiktige avtalar.
I 2016 var det 47 norske kommunar på lista. På det meste var 188 kommunar registrerte i 2004. Robek står for Register om betinga godkjenning og kontroll.

Publisert: 14.05.2019 09:22
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:34