NPK-NTB: Bensinen i Noreg er no dyrare enn den nokon gong har vore. Torsdag sette bensinstasjonskjeda Circle K prisen opp til 17,24 kroner. Oljeprisen stig òg kraftig.
Så dyr har bensinen aldri vore før her i landet.
– Kraftige aukingar i innkjøpsprisen dei siste vekene sender rettleiande pris på bensin til eit nytt rekordnivå i dag. Det er 10 øre over den gamle prisrekorden frå 9. oktober i fjor, seier kommunikasjonssjef Knut Hilmar Hansen i Circle K til torsdag formiddag.
Også dieselprisen aukar, men 15,99 kroner er framleis 50 øre under pristoppen i november i fjor.
Ein stigande oljepris er ei av årsakene til bensinprisrekorden. Torsdag morgon norsk tid vart eit fat nordsjøolje omsett for over 75 dollar fatet. Det er første gong sidan utgangen av oktober i fjor at oljeprisen er så høg.
Amerikanske sanksjonar mot oljeproduserande land som Venezuela og Iran, uro i Libya og produksjonskuttet i Opec-landa er med på å auke prisen.
Oljeprisen har no stige 38,69 prosent sidan nyttår. Lagertalet onsdag for olje på amerikanske lager viste ein auke på 5,5 millionar fat frå førre veke og var dermed atskilleg meir enn det analytikarane hadde venta (1,3 millionar fat.)
Dermed steig òg prisen på eit fat amerikansk lettolje noko torsdag formiddag og eit fat vart omsett for nær 66 dollar fatet.

Publisert: 25.04.2019 12:06
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:35