Kort fortalt

17 prosent veit ikkje kva dei gjer med it-trugslar

Undersøking om datatryggleik på arbeidsplassen.

NPK
25.06.2021

(NPK): Ei undersøking frå KnowBe4 Research viser at 17 prosent ikkje veit kva dei skal gjere med IT-tryggingstruslar som oppstår på arbeidsplassen.

– Det er ansvaret til leiinga å gi dei tilsette klare instruksjonar, seier forskingssjef Kai Roer i ei pressemelding.

Knowbe4 Research, forskingssenteret til IT-selskapet Knowbe4, utfører kontinuerlege undersøkingar rundt tryggingskultur i arbeidslivet. Det var 408.929 respondentar i den globale undersøkinga.

– At så mange som 17 prosent svarer at dei ikkje har fått klare instruksjonar om kva dei skal gjere i møte med tryggingstruslar skremmer meg. Det er utruleg at selskapa tør å utsetje seg sjølve for så stor risiko, seier Roer.

IT-angrep er fleire gonger den siste tida trekt fram som ein av dei største tryggingstruslane vi står overfor i dag, mellom anna i trusselvurderinga til politiet for 2021. Det ser ein òg gjennom fleire, store angrep kvar einaste månad.

Det er store forskjellar i ulike bransjar. I utdanningssektoren svarer så mange som 28,9 prosent at dei ikkje har fått instruksjonar om kva dei skal gjere ved tryggingstruslar. I motsett ende er det berre 11,9 prosent i forsikringsbransjen som svarer det same.

(©NPK)

Publisert: 25.06.2021 09:49

Sist oppdatert: 25.06.2021 09:51

Mer om