Kort fortalt

2.000 ledige oljejobbar i Rogaland

Må hente folk frå utlandet.

23.08.2018
NPK-NTB: Av 5.000 ledige jobbar i Rogaland kan så mange som 40 prosent av dei knytast til oljesektoren. Ifølgje Stavanger Aftenblad må Nav rekruttere folk i utlandet.
Etter oljeprisfallet i 2014 forsvann mellom 40.000 og 50.000 personar frå oljesektoren. Rogaland gjekk frå å ha lågast arbeidsløyse i landet, mellom 1 og 2 prosent, til å vere eitt av fylka med høgast arbeidsløyse på 3,5 prosent brutto, ifølgje Aftenbladet. Likevel klarer ikkje fylket å fylle dei oljejobbane som no skal vere tilgjengelege.
– Talet på ledige jobbar i Rogaland er no atskilleg høgare enn på same tid i fjor. Enkelte fagfolk er det vanskeleg å få tak i, og vi må rekruttere i utlandet, seier fylkesdirektør Truls Nordahl i Nav Rogaland til avisa.
Ei viktig årsak til mangelen på folk er at det går bra i mange bransjar, i nesten heile landet, slik at det blir kamp om fagfolka.
Av 2.500 ledige stillingar lyst ut i Rogaland i juli, var det flest innan ingeniør/IKT, med 468 utlyste.

Publisert: 23.08.2018 08:52

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:37