Kort fortalt

2.500 skatteklager i kø

Det vil ta år å få bukt med klagene.

15.10.2019
NPK-NTB: I 2015 bestemte regjeringa at eit nytt, nasjonalt sekretariat for den nye Skatteklagenemnda skulle bli plassert i Stavanger. Der ligg 2.500 klager og ventar.
Ifølgje vil det krevje 20 nye årsverk – og likevel ta tre år – å få bukt med alle klagene som har hopa seg opp. Etaten får løyvd nok til sju nye stillingar i budsjettet for neste år.
Ifølgje direktør Øyvind Eskeland var det allereie frå oppstart 1. juli 2016 forventa at sekretariatet for Skatteklagenemnda skulle ta unna alle klager med usemje mellom skattekontor og skattytar.
– Så før vi på nokon måte var fulltalige, ramla det inn hundrevis av klager per månad. Halvtanna år seinare var køen på nesten 2.500 saker, seier han.
– Vi prøver å halde ting i sjakk, og vi klarer det nesten, men restansen går ikkje nemneverdig ned, seier han.
Finansminister Siv Jensen (Frp) varslar no ein gjennomgang av rutinane.
– Over tid har det bygd seg opp store restansar. Dette må vi rette på, seier ho.
– Restansane kjem dels av oppstartsproblem, men òg av at det har vore vanskeleg å finne ei god arbeidsdeling mellom skattekontora og sekretariatet i saksførebuinga. Dette har mellom anna ført til dobbelt arbeid, forklarer ho.

Publisert: 15.10.2019 10:22

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:32