Prosjekt som gir ungdomar og unge vaksne erfaring frå fiskeyrket, får no stønad frå staten.
Regjeringa deler ut 2 millionar kroner til kommunale prosjekt som legg til rette for at ungdom mellom 12 og 25 år kan få erfaringar frå fiskeyrket, skriv Fiskeridepartementet i ei pressemelding.
– Det er viktig for rekrutteringa til fiskerinæringa at fleire unge jenter og gutar får prøvd seg på havet. Gjennom desse kommunale prosjekta får også ungdom som ikkje har kontaktar i næringa høve å prøve seg som fiskarar, seier fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran i pressemeldinga.
Prosjekta det blir søkt stønad til går i hovudsak ut på at kommunane leiger båt med fiskeskipper som rettleiar. I fleire av kommunane blir prosjekta gjennomført i samarbeid med næringa og organisasjonar, ifølgje Fiskeridepartementet.
Fiskeridepartementet har fått til saman ti søknadar der alle har fått innvilga stønad. Til saman var det om lag 120 ungdom mellom 12 og 25 år som fekk plass.
Publisert: 02.06.2022 10:51
Sist oppdatert: 02.06.2022 10:52