Kort fortalt

200 smitta i Ålesund

Ny smittetopp i Ålesund, omikron sterkt aukande.

30.12.2021

Smittetala for Ålesund er no høge og stigande. I ei pressemelding minner kommunen om at folk følgjer smittevernreglane, og held seg heime og teste seg om ein kjenner symptom.

- Vi skil oss frå landsgjennomsnittet med ein kraftig stigande vekst, seier Alexander Wiig, kommuneoverlege og fagsjef ved legevakta i Ålesund.

Frå måndag til onsdag var talet på smitta kome opp i 200.

- Dette er ei fordobling samanlikna med førre vekes midtveketal. Frå teststasjon og smittesporing rapporterer dei at smittetalla stig, og omikronsmitta brer om seg, fortset Wiig. Han legg til at det no spesielt er unge vaksne i aldersgruppa 20 – 40 år som skil seg ut i statistikken.

Kommunen viser til at vi no går inn i ei nyttårshelg der folk ønsker å ha sosiale samlingar.

- Vi ser at det gjerne er i samankomstar i familie eller med vennegjengen at smitta no har fått spreie seg. Omikron smittar veldig lett, så no er det ekstra viktig å følgje smittevernreglane.

Hugs spesielt på å:

  • Halde avstand.
  • Bruke munnbind når du ikkje kan halde avstand.
  • Ha få nærkontaktar.

Sjølv om det er lov å ha maks 10 gjestar på sosiale sammenkomster, og på éin dag i jule- og nyttårshøgtida ha 20 gjester, er det best å halde forsamlingar med færrast mogleg akkurat no, er oppmodinga frå kommunen.

Publisert: 30.12.2021 12:45

Sist oppdatert: 30.12.2021 12:47

Mer om