Kort fortalt
2000 turar frå Mongstad
Plattformforsyningsskipet Havila Foresigth passerte milepæl.
11.05.2023
Fartøyet har hatt oppdrag for Equinor sidan det var nytt i 2007 og markerte nyleg at det har segla 2000 turar mellom oljebasen på Mongstad og oljeinstallasjonane i Nordsjøen.
Havila Foresight gjekk nyleg gjennom dokking og vart påkosta og fornya for rundt tjue millionar kroner. I samband med 15-årsklassing vart det mellom anna installert nytt DP-anlegg samtidig som utstyr som tankvaskesystem og slangefangarar vart oppgradert.
Kontrakten med Equinor varer til januar 2024, med opsjon på fire gongar eit år til, skriv Havila Shipping i ei pressemelding.
Publisert: 11.05.2023 10:54
Sist oppdatert: 11.05.2023 11:33