Kort fortalt

21 prosent vil slite økonomisk

Ein av fem taklar ikkje dei auka kostnadane.

NPK
12.12.2022

21 prosent av oss har ikkje god nok økonomi til å klare dei aukande levekostnadene, og stadig fleire ber Frelsesarmeen om hjelp til jul.

– Vi er no i gang med julehjelpa, som kan vere alt frå julemiddag, julefrukost, klede og gåvekort til dei som treng det. Det er mogleg takka vere julegryteinnsamlinga vår. Fleire stader er det langt fleire som har søkt om julehjelp samanlikna med i fjor, seier kommunikasjonssjef i Frelsesarmeen, Geir Smith-Solevåg i ei pressemelding.

Eksempel på stader som har opplevd ein kraftig auke er Oslo, Bergen, Trondheim, Bodø, Kristiansand, Drøbak, Fagernes og Egersund.

I ei undersøking Ipsos har gjort for Frelsesarmeen svarar 21 prosent at dei ikkje har økonomi til å dekkje auka utgifter.

– Det er urovekkjande å sjå at så mange nordmenn svarar at dei ikkje har økonomi til å dekkje utgiftene sine. Erfaringa vår er at det ofte betyr at ein tek opp forbrukslån eller finn andre løysingar som gjer situasjonen verre, seier Smith-Solevåg.

I undersøkinga svarar 57 prosent av dei spurde at dei har mykje – eller litt dårlegare økonomi no, og 51 prosent seier at dei trur det blir verre neste år.

– Det ser heller ikkje ut til at folk ser så positivt på neste år. Over halvparten av dei som har fått litt eller mykje dårlegare økonomi i år, trur det blir verre neste år, legg han til. Dette er noko som gjer sterkt inntrykk på folk i Frelsesarmeen.

– Det ligg djupt i den norske folkesjela å skulle klare seg sjølv. No møter vi stadig fleire som ikkje klarer det lenger, seier Geir Smith-Solevåg.

Publisert: 12.12.2022 10:58

Sist oppdatert: 12.12.2022 10:59

Mer om