Kort fortalt

25 millionar til miljøsatsing på hurtigbåtar

Håper Sogn og Fjordane vil vise veg.

11.05.2019
Regjeringa vil øyremerke 25 millionar kroner for at fylkeskommunane sine hurtigbåtar skal bli meir miljøvennlege.
Ifølgje ei pressemelding frå stortingsrepresentant Frida Melvær (H) vil regjeringa at hurtigbåtane skal følgje etter den positive utviklinga med heilelektriske ferjer og hybridferjer, melder .
I dag er hurtigbåtar ein klimaversting når det kjem til utslepp.
– Eg håpar Sogn og Fjordane fylkeskommune vil nytte seg av denne satsinga og bli eit føregangsfylke også på hurtigbåtsektoren, seier Melvær.
Forslaget kjem i det reviderte statsbudsjettet som Stortinget skal behandle før sommaren.

Publisert: 11.05.2019 23:44

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:34