Kort fortalt

26.901 bedrifter fekk korona-nei

To av ti bedrifter fekk avslag på kompensasjonssøknaden.

NPK
15.10.2021

Tal P4 har henta inn, viser at Skatteetaten og Brønnøysundregistera fekk inn 131.294 søknader sidan kompensasjonsordninga vart innført.

26.901 av søknadene vart ikkje innvilga.

Joachim Dagenborg i Landsforeningen for små og mellomstore bedrifter seier at dei minste bedriftene ikkje har vorte fanga opp av kompensasjonsordninga.

– Innretninga på desse pakkane har ikkje vore gode nok for mange av dei minste bedriftene. Det er rett og slett for mange som ikkje har kunna nytte seg av dei pakkane som har komme, seier Dagenborg.

Publisert: 15.10.2021 09:25

Sist oppdatert: 15.10.2021 09:26

Mer om