Kort fortalt

26 smitta ved Spenncon

Stort utbrot ved Spenncon i Hjørungavåg.

NPK
17.01.2022

26 tilsette ved selskapet Spenncon i Hjørungavåg har testa positivt på hurtigtestar før og i løpet av helga.

Smittevernstyresmaktene i Ulstein og Hareid er kopla på saka, og verksemda har sett i verk ytterlegare tiltak for å handtere utbrotet, melder Vikebladet/Vestposten.

13 av dei 26 har fått stadfesta smitte ved bruk av PCR-test. Truleg er det snakk om omikronvarianten.

– Det er naturlegvis ein utfordrande situasjon, men vi har kontroll – i den grad ein kan ha kontroll, seier regionsjef i Spenncon, Hans Jostein Røyset, til avisa. Han reknar med at mellom 20 og 25 av hurtigtestane vil vise seg å ha gitt utslag på PCR-testane i løpet av måndagen.

Røyset fortel at smitteutbrotet truleg har starta etter at dei tilsette kom tilbake på jobb etter juleferien, og at smitten har spreidd seg vidare blant dei tilsette, trass i bruk av munnbind, god hygiene og avstandsreglar

Publisert: 17.01.2022 13:01

Sist oppdatert: 17.01.2022 13:03

Mer om