Kort fortalt

3.374.685 har fått første koronavaksine

1.728.612 personar har fått andre dose.

NPK
23.07.2021

3.374.685 personar er vaksinerte med første dose av koronavaksine i Noreg, viser FHIs statistikk fredag. 1.728.612 personar har fått andre dose.

62,6 prosent av befolkninga har dermed fått første dose, medan 32,1 prosent av befolkninga er fullvaksinerte.

For befolkninga over 18 år er talet høvesvis 78,9 og 40,4 prosent.

Førebels har FHI registrert at 60.604 personar fekk første dose torsdag, og 20.655 personar fekk andre dose.

Dei som har gitt første dose til størst del av befolkninga over 18 år, er Viken (85,9 prosent) og Oslo (84,5 prosent). Lågast del er i Troms og Finnmark (68,7 prosent) og Nordland (70,8 prosent). For andre dose ligg fylka Innlandet (43,3 prosent) og Vestfold og Telemark (42,9 prosent) best an.

Pfizer og Biontech produserte den første koronavaksinen brukt i Noreg, og første dose vart sett den 27. desember 2020. 15. januar vart første dose av Moderna-vaksinen sett, og 7. februar vart AstraZeneca-vaksinen teken i bruk. 11. mars vart AstraZeneca sette på pause, før regjeringa kunngjorde den 12. mai at han blir teken ut av vaksinasjonsprogrammet på grunn av alvorlege blodpropptilfelle. Janssen-vaksinen frå produsenten Johnson & Johnson er teke ut av det norske vaksineprogrammet etter meldingar om alvorlege biverknader. Det er opna for at den kan bli gitt til frivillige når strenge helsemessige kriterium er oppfylte.

Det kan vere forseinkingar i registrering av vaksinasjon som fører til at tala endrar seg over tid.

Publisert: 23.07.2021 14:54

Sist oppdatert: 23.07.2021 14:56

Mer om