30 får jobb på Burger King i Volda
I dag skulle Burger King Volda opne. Mange får jobb.
Totalt er det 30 som får jobb på Burger King Volda, inkludert både heiltids- og deltidsstillingar. Det opplyser selskapet i ei pressemelding.
Nye Burger King Volda vil ha 103 sitjeplass, bordservering og sjølvbeteningskiosk. Restauranten har tilhøyrande Drive Thru, og til våren vil det også bli uteservering.
Burger King opplyser at Emma Sofie Klokk Otterlei (25) vert restaurantsjef i Volda. Frå før er ho også restaurantsjef for Burger King på Ålesund storsenter.
I tillegg vil Eva Kasenborg vere assisterande dagleg leiar. Ho kjem frå stillinga som skiftleiar ved Burger King Gjøvik.
Klokk Otterlei opplyser at det kom inn rundt 100 søknader om å få jobbe i restauranten. Mange av dei som har fått jobb er studentar ved Høgskulen i Volda.
Restauranten skulle opne i dag, men måtte stenge kort tid etter opning på grunn av problem med kassasystemet.
Publisert: 21.10.2022 11:51
Sist oppdatert: 21.10.2022 12:24