Kort fortalt

30 nye smitta i Ålesund

13 er studentar ved NTNU.

21.08.2021

25 tilfelle er nærkontaktar og har vore i smittekarantene.

Det opplyser kommunen i ei pressemelding.

I tillegg til dei 25, har fire vore i innreisekarantene og ein har ukjend smittekjelde.

13 av dei 30 koronatilfella er studentar ved NTNU. Smittespreiinga i studentmiljøet ved NTNU avgrensast foreløpig til ei studentgruppe. Dei fleste studentane som smittesporingsteamet har vore i kontakt med er vaksinert med 1 dose.

- Vi oppmodar alle som blir kontakta av smittesporingsteamet til å følge råda som blir gitt, seier kommuneoverlege Victoria Guzenko Natvik.

Publisert: 21.08.2021 19:35

Sist oppdatert: 21.08.2021 19:38

Mer om